Møte mellom tre personar
Næringshagen i Ryfylke. Foto: vandrefilm.

Utvikle mi bedrift

Er du på eigarsida, i leiinga eller styret i ei bedrift? I Næringshagen i Ryfylke har me kompetanse, nettverk og verktøy som kan hjelpe dykk å vidareutvikle verksemda, auke konkurransekrafta og møte både daglege og meir langsiktige utfordringar på ein god måte.

Næringslivet står i dag i møte med stadig fleire og meir komplekse utfordringar som pregar alle bransjar – frå teknologisk utvikling og digitalisering til aukande krav til miljø og berekraft. Desse endringane skaper òg store moglegheiter. Korleis møter di verksemd teknologiske nyvinningar? Har de ein plan for å møte krav til miljøansvar og grøn omstilling?

Me i Næringshagen i Ryfylke jobbar med forretningsutvikling, og kan vere ein strategisk samarbeidspartnar for di verksemd. Det handlar både om å utvikle nye forretningsmodellar, vidareutvikle eksisterande produkt og tenester, identifisere nye marknader eller finne rett kompetanse og teknologi for å styrke konkurransekrafta. Eit konkret døme kan vere å hjelpe ei lokal verksemd med å tilpasse seg nye miljøkrav gjennom grøne forretningsmodellar, eller å støtte ei teknologibedrift i å utvikle ein digital plattform for betre kundedialog.

I tillegg jobbar me aktivt med å finne og formidle relevante støtteordningar, utviklingsprogram og samarbeidspartnarar som kan gi konkret verdi for verksemda di, både i dag og på lengre sikt.

Verksemda di kan også inngå ein samarbeidsavtale med oss og bli Målbedrift i Næringshageprogrammet. Som målbedrift får ein tilgong til gode utviklingsressursar til rabatterte prisar gjennom Næringshageprogrammet. Les meir om fordelar med Næringshageprogrammet her.

Det å stå som eigar, styremedlem eller i ei leiargruppe kan vera både krevjande og einsamt. Me i Næringshagen i Ryfylke ønsker å gi deg støtte og fagleg påfyll i rolla som leiar og ansvarstakar i næringslivet. I Næringshagen i Ryfylke arbeider me også for å kunne gi deg kunnskap, kompetanse, nettverk og eit fellesskap som leiar og ansvarstakar i næringslivet, som du kan ta med deg tilbake til di verksemd. Dette gjer me mellom anna gjennom ulike kurs, seminar, mentorprogram, kompetanseprogram og nettverksarener.

Etablerte bedrifter i Suldal kommune har også tilgang til 3 gratis rådgivingstimar gjennom oppdragsavtalen me har med Suldal kommune. Ta kontakt dersom dette er aktuelt –me tar gjerne ein uforpliktande prat om behov, utfordringar eller utviklingsønskjer.

‍

Ta kontakt for teneste

Prosjekt

Aktuelt

Kurs og arrangement

No items found.

Andre tenester

Design og utvikling: Omega 365 Design
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.