FORREGION er Kommunal- og distriktsdepartementet sitt program til forskingsbasert innovasjon i regionane. Ordninga er forvalta av fylkeskommunane og skal bidra til at bedrifter tek i bruk forsking i sitt innovasjonsarbeid. Auka forskingsbasert innovasjon skal bidra til meir berekraftig verdiskaping hjå næringslivet i Rogaland. Ordninga er spesielt retta mot verksemder med lita eller inga erfaring med forskning- og/eller utviklingsprosjekt (FOU) frå før.
Søknadsfristar
Forprosjekt; frist frå 20. mars til 1. november
Student til låns, bachelor/master; fristar frå 20. mars til 15. desember
Formål
Få fleire bedrifter til å bruke forsking i sitt innovasjonsarbeid
Mobilisere næringslivet til å nytte verkemidlar for forsking både regionale, nasjonale og internasjonale ordningar
Kriteriar for å søkje
Bedrifta må ha registrert forretningsadresse og tilsette i Rogaland
Bedrifta må samarbeida med ein kompetansemeklar
Prosjektet kan ikkje vere starta før søknad er sendt inn
Prosjektet må vere forankra i minst eitt av Rogaland sine tre satsingsområde i Rogaland Fylkeskommune sin nærings- og innovasjonsstrategi: Rein energi og maritim framtid, mat, reiseliv og oppleving
Bedrifta må samarbeida med ein forskingsinstitusjon
Les meir om ordninga her: https://www.rogfk.no/vare-tjenester/okonomisk-stotte-stipend-og-priser/forregion-forskningsbasert-innovasjon-i-regionene/
Ta gjerne kontakt med oss for meir informasjon om FORREGION Rogaland.
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.