Arbeid på tak.
Suldal Hyttebygg. Suldal Vekst. Foto: Mikkel Meister

Suldal Næringsforening

Suldal Næringsforening er ein medlemsorganisasjon som arbeider for å utvikle næringslivet i kommunen og ivareta fellesinteressene til næringslivsaktørane. Foreninga er ein viktig samarbeidspartnar for Næringshagen i Ryfylke, der ein har fleire prosjekt og oppgåver som ein samarbeider om.

Oppdraget til Suldal Næringsforening

Suldal Næringsforening er ein organisasjon for bedrifter, organisasjonar og næringsdrivande i Suldal kommune. Føremålet til Suldal Næringsforening er å utvikle næringslivet og ivareta fellesinteressene til næringslivsaktørar i Suldal. Suldal Næringsforening skal:

- Arbeide for attraktive næringspolitiske rammevilkår

- Arbeide for samferdsel og anna konkurransedyktig infrastruktur

- Synleggjere og aktivt bidra til positiv marknadsføring av kommunen og medlemmer

- Arbeide for målretta kompetanseheving

Suldal Næringsforening har to ressursgrupper som jobbar med bransjespesifikke spørsmål: Reiselivsgruppa og Sandsgruppa. Desse gruppene har eigne styre og retningslinjer dei arbeider etter. Alle medlemmene i ressursgruppene har hovudmedlemsskapet sitt i hovudforeininga.

Reiselivsgruppa

Føremålet til reiselivsgruppa er å arbeide for å fremja turistnæringa og utvikle turist- og reiseliv i Suldal kommune. Reiselivsgruppa organiserer faste møtepunkt og nettverksarenaer for sine medlem, og er ei viktig stemme inn mot reiselivsutviklinga i Suldal. Det er også medlemma i Reiselivsgruppa som blir synleggjort gjennom Visit Suldal sine kanalar og den toårige turistbrosjyra for Suldal gjennom eit samarbeid med Næringshagen i Ryfylke. Les meir om medlemskap her.

Sandsgruppa

Sandsgruppa har som føremål å fremja handelsnæringa på Sand sine interesser, og å driva felles aktivitetar og reklametiltak for handels- og servicenæringa på Sand. Gruppa er mellom anna pådrivarar for aktivitetar som Ryfylkedagane, jule- og påskeaktivitetar og andre enkeltarrangement i kommunesenteret. Besøk nettsida deira her.

Ta kontakt for meir info
Design og utvikling: Omega 365 Design