Miljøleiing handlar om ei verksemd sitt systematiske og kontinuerlege arbeid med å redusere eins miljø- og klimaavtrykk. Me jobbar med ulike sertifiseringsordningar for å kunne tilby deg relevante verktøy for din bransje.
Å sikre at du og di verksemd har konkrete og praktiske verktøy i arbeidet med å minimere dykkar miljø- og klimautslepp i eiga drift og i den større verdikjeda så langt som råd er avgjerande for å kunne møte framtidas behov og lovverk. Miljøleiing handlar her om dei verktøya du har tilgjengeleg for å jobbe heilskapleg, systematisk og langsiktig på dette området. I dag har me ei rekke ulike ordningar som kan konkretisere og systematiske arbeidet i di verksemd, alt etter kva bransje du jobbar innanfor og kva behov du har. Me jobbar tett med fleire av desse ordningane for å gi deg ei oversikt over kva verktøy finst, og for å setje deg i kontakt med relevante samarbeidspartnarar.
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.