To personar framføre ein foss
Næringshagen i Ryfylke. Foto: Jan Nordtveit

Reiseliv og reisemålsutvikling

Er du ei reiselivsbedrift eller kanskje du er involvert i reisemålsutviklinga på din stad på andre måtar? Næringshagen i Ryfylke har fleire oppgåver og prosjekt knytt til reiselivsutviklinga i Suldal og gjennom næringshageprogrammet støttar me opp om nye og eksisterande reiselivsbedrifter. Ta gjerne kontakt med oss om det er noko me kan bidra med inn mot ditt arbeid.

Me i Næringshagen i Ryfylke ser at reiselivet er ein viktig pådrivar og tilretteleggar for eit attraktivt og godt bygdeliv, og at næringa også spelar ei viktig rolle i samfunnsutviklinga. Gjennom "det nye reiselivet" der fokuset er på vinn-vinn løysingar mellom miljø, lokalbefolkning og gjester for i dag og for framtida ser me at reiselivet, når det er utvikla på ein god måte, også bidrar til å verne om naturmangfald og kulturarv, erein pådrivar for aktive og attraktive grender og vidare skapar bulyst, arbeidsplassar og stolte innbyggjarar.

Gjennom ei årrekke har Næringshagen i Ryfylke vore involvert i reisemålsutviklinga i Suldal, i tett samarbeid med Suldal kommune, Suldal Næringsforening og privat næringsliv. Her var ein mellom anna initiativtakar til at Suldal blei merka som "Berekraftig Reisemål" i 2020, som eit av dei første 15 i landet. Dette blei følgt opp gjennom drift av destinasjonsleiing, utvikling av reisemålsstrategi og oppfølging av handlingsplan år for år, med remerking i 2023. I tillegg har ein hatt ei rekke ulike driftsoppgåver, utviklingsprosjekt og etablert merkevara Visit Suldal. Næringshagen i Ryfylke har også vore involvert ulike utviklingsprosjekt i Ryfylke, i samarbeid med Reisemål Ryfylke, kommunane og privat næringsliv.

Med utgangspunkt i erfaringane frå Suldal tok Næringshagen i Ryfylke i 2022 initiativ til å samle reisemåla i landet som arbeider under Merkeordninga "Berekraftig Reisemål" til eit felles nasjonalt reiselivsnettverk. Her tilrettelegger ein for mellom anna vekstprogram, vertskapskurs, nettverksarenaer, produktutvikling, profileringsarbeid og meir.

Ta kontakt for teneste

Prosjekt

Teamet vårt

Portrettbilde
Laila Steine
Dagleg leiar / Forretningsutviklar
laila@nhryfylke.no
977 75 757
Portrettbilde
Marit Larsen
Prosjektleiar / Forretningsutviklar
marit@nhryfylke.no
906 84 861
Portrettbilde
Anita Svendheim
Prosjektleiar - reiseliv og kommunikasjon
anita@nhryfylke.no
924 44 948

Verkemiddel

Aktuelt

No items found.

Kurs og arrangement

No items found.

Andre tenester

Design og utvikling: Omega 365 Design
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.