Gravemaskin
Foto: AS Forskaling

Entreprenør i stadig utvikling

AS Forskaling i Sauda har etablert seg som ei allsidig entreprenørbedrift i marknaden. Dagleg leiar Alf Jostein Årtun meiner fleksibilitet og breidde i tenestetilbodet er noko av årsaka til det.

Bedrifta vart starta i 2006, og målet var å kunne vere med i konkurransen om jobbane som fylgde med hytteboomen som vart ein realitet i Sauda i dei åra.

– Me var åtte gründerar som ikkje heilt forstod kvifor mange av desse hyttejobbane gjekk til firma frå andre stadar, dette ville me og vere med på. Me starta med forskalings- og betongarbeid og fekk posisjonert oss slik at me vart aktuelle for stadig fleire jobbar, fortel dagleg leiar Alf Jostein Årtun.

– Eg har jo tru på at lokal kunnskap og nettverk er gull verdt når ein skal bygge opp ei slik bedrift. Folk vil vite kven dei ringer til, meiner han.  

Eit steg opp

Etter kvart byrja dei å bli kjende i marknaden, og oppdragsmengda auka. Det var alt frå husbygging og hytteprosjekt til landbruksbygg og oppdrag til industrien. Alf Jostein er oppteken av at ein må ta dei sjansane ein får til utvikling av bedrifta. I 2010 kjøpte bedrifta opp det lokale selskapet HIR Entreprenør AS, og i 2012 overtok dei maskinentreprenør Jan Skår. Det siste oppkjøpet gav to nye tilsette med lang fartstid og ikkje minst ein auka marknad i Suldal, Erfjord, Jelsa og Ropeidhalvøya.

– Desse oppkjøpa var utvilsamt eit godt trinn opp på stigen for oss. Frå å reindyrka betong og forskaling vart me no ein totalentreprenør, og kunne levere tenester frå heile spekteret. Dermed sikra me og dei tilsette me hadde frå før, og det vart lettare å få eit omfang av jobbar, slår Alf Jostein fast.

– Desse utviklingstrinna har nok mest vore tilfeldige, men eg trur ein må ta dei sjansane som byr seg. Og det har jo gitt ein strategisk effekt, utan tvil.

Fleksible arbeidsoppgåver

I 2015 vann bedrifta anbodet om å bli underleverandør til NCC Roads, og fekk dermed ansvaret for vintervedlikehaldet av fylkesvegar i indre Ryfylke. I 2020 kjøpte dei også transportdelen til Rolf Arild Ljung, og styrka med det transportdelen i bedrifta.

No driv me og mykje med langtransport, sjølv er eg stort sett i bilen heile tida. Det er dette eg likar best, seier Alf Jostein og smiler.

Her må me trø til der det trengst, som og er litt av årsaka til at me har fått det til, trur eg. Er du til dømes skytebas eller sjåfør hjå oss må du også gjere andre ting i periodar. Me sit ikkje og ventar på dei rette jobbane, me tar dei me kan utføre. Me må vere fleksible, meiner han, og vedgår at det går med mange timar i å utvikle og drive ei distriktsbasert bedrift.

Eg tenkjer det er viktig at me heiar på kvarandre og dyrkar ein kultur der det er lov å få noko til, ein kjem ingen veg viss det er misunning som rår. Dei som vågar å bli gründer bør få ein klapp på skuldra, dei sikrar arbeidsplassar til mange.

Tøff rekruttering

Alf Jostein meiner rekruttering av fagfolk er ei av dei største utfordringane bedrifta har framover.

– Me ser at det er langt enklare å bygge kompetanse hjå dei som alt er tilsette hjå oss. Det er og med på å skape trivsel og arbeidslyst. Me legg til rette for at dei som ikkje har formell kompetanse får sjans til å ta fagbrev.

AS Forskaling er også opptatt av å gi alle ein sjanse i arbeidslivet.

– Me har dei siste ti åra hatt tilsette som har starta hjå oss via tiltak i lag med blant anna NAV. Dette samarbeidet har ført til at me no har fleire tilsette som har jobba hjå oss lenge, og i dag har fast stilling. Alle kan bidra med noko i arbeidslivet, i ei eller anna form og grad, berre det er vilje hjå alle partar.

I tillegg er selskapet lærebedrift, og er medlem i tre ulike opplæringskontor på grunn av at dei driv i så mange ulike bransjar. Sidan 2011 har bedrifta hatt mellom ein og fire lærlingar inne kvart år.

– Dette er langt framme i boka hjå oss, me skal ha lærling i så mange fagfelt som mogleg. Det er diverre spesielt vanskeleg å få tak i lærling til betongfaget, der har me heller ingen kandidatar no. Eg trur det ligg mykje makt hjå foreldra og praten rundt kjøkkenbordet og i bilen. Me må ikkje snakke ned dei praktiske faga, men heller framsnakka alle dei som bidrar til at samfunnet vårt er så bra og velfungerande som det er, uansett om det er reinhaldaren, renovatøren bakpå søppelbilen eller den som står i regnklede og bitt armering i ruskevêret, meiner Alf Jostein og legg til:

– Til dømes så nyttar det ikkje å ringa verken arkitekten eller økonomisjefen om kloakken i huset ditt går tett på julaftan, då ringer ein jo fagfolk som kjem og ordnar opp med stoltheit og eit smil om du verdset dei. Eg håpar og trur me ser ei betring her framover, i alle fall viser søkjartala til yrkesfag det. Tek du yrkesfag er du faktisk sikra jobb, og alle kan ikkje ta høgare utdanning, slik er det berre, seier Alf Jostein engasjert.  

Godt med strategisk hjelp

AS Forskaling har i dag 27 tilsette og ein snittalder nede på 30-talet. Alf Jostein har tru på at selskapet, som held til på Treaskjæret i Sauda, skal sikre den breidda dei har i dag, utan at dei nødvendigvis treng å bli mykje større.

– Det er viktig å ha mange bein å stå på, ofte kjem kundane med ein jobb og så har dei spørsmål om me kjenner nokon som kan det eller det. Då er det kjekt å kunne seie at me kan fikse det meste av det dei treng.

– Men me treng ikkje å bli kjempestore, me vil heller styrke den staben me har i dag, meiner han.

Den daglege leiaren meiner og nettverksbygging og støtteapparatet som Suldal Vekst tilbyr, betyr mykje for vekst og utvikling.

– Det er kjempeviktig, og Suldal Vekst, via næringshageprogrammet, tar tak i mykje som me ikkje når over. Den daglege drifta tek oss raskt i kvardagen og då er det vanskeleg å tenkje strategisk framover, både på kva midlar ein bør søkje om og å få godt planarbeid på plass.  

– Me har og tatt eit steg opp innan HMS og kvalitetssikring no. Me har oppretta ei eiga stilling som skal arbeide med desse problemstillingane. Spesielt no som me er blitt så mange og retningslinjene kan vere innfløkte er det godt å ha ein person som har full kontroll på det.

Berekraftige mål

Miljø og berekraft er også viktige tema for bedrifta, AF Forskaling er også sertifisert som Miljøfyrtårn.

– Miljøfyrtårnsertifiseringa er viktig for oss. Det viser at me set søkjelys på miljøet og omgjevnadane rundt oss. Me har brukt mykje tid og midlar på dette arbeidet, til dømes har alle lastebilane våre Euro6-motor med nyaste form for utsleppsreinsing, anleggsmaskinane er nyare enn fem år og dei er meir miljøvennlege enn før. Me sorterer avfall og har investert i ei stor kvern for å ta hand om harde massar som asfalt, skilje armering frå gamal betong og kverne opp kvist og trevirke, for å nemne noko.

Alf Jostein legg vekt på at krav til miljøfyrtårnsertifiseringar stadig blir meir sentralt i anbodsrundar, og meiner det er viktig at oppdragsgjevarane også legg vekt på det når ein vel ut entreprenøren.

– For oss betyr berekraft at dei me jobbar for, og dei som jobbar for oss, skal vere nøgde med arbeidet som er utført til ei kvart tid. Me skal ta vare på omgjevnadar, kundar og tilsette, samt publikum. I ordet berekraft ligg og det å ha det kjekt, om ein ikkje har det kjekt blir ein heller ikkje lenge i jobben, meiner Alf Jostein.

Tekst: Judith Litlehamar/Omega Design

Kontakt

No items found.

Kurs og arrangement

No items found.

Teneste

No items found.
Design og utvikling: Omega 365 Design
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.