Kokkar lagar mat ved bord
KULP. Suldal Vekst. Foto: Mikkel Meister.

Våre målbedrifter

Som ein del av det nasjonale næringshageprogrammet har Næringshagen i Ryfylke tilgong på verkemiddel, kompetanse og verktøy som skal bidra til vekst og utvikling i næringslivet i regionen vår. Som bedrift kan ein få tilgang på dette programmet ved å inngå ein utviklingsavtale med næringshagen. Me kallar desse bedriftene for våre "Målbedrifter".

Om Næringshageprogrammet

Næringsprogrammet er eit nasjonalt program som har som mål å arbeide for levande lokalsamfunn og vekst i heile landet, der ein har eit særskild fokus på distrikta. Gjennom SIVA har ein etablert omlag 40 næringshagar som ligg i distriktskommunar over heile landet, og som gir næringslivet i desse områda tilgong på tilskot, kompetanse og verktøy. Næringshagen i Ryfylke er ein av desse næringshagane.


Det nasjonale næringshageprogrammet har følgjande målsettingar:

  • Leggje til rette for bedriftsetableringar, vidareutvikling og vekst i eksisterande bedrifter.
  • Leggje til rette for auka verdiskaping i målbedriftene.
  • Bidra til økonomisk meirverdi for målbedriftene.
  • Bidra til å lette tilgang til internasjonale marknader og samarbeidspartnarar for målbedriftene.
  • Bidra til kopling til relevante nettverk regionalt, nasjonalt og internasjonalt.

Korleis delta i næringshageprogrammet?

Små og mellomstore bedrifter kan delta i næringshageprogrammet gjennom Suldal Vekst ved å teikne ein utviklingsavtale. Denne avtalen gir bedrifta di tilgang på nettverk og dei ressursane næringshagen har tilgjengeleg til ei kvar tid, du vil få ein fast kontaktperson i næringshagen og bedrifta vil kunne motta rabatterte innovasjonstenester. Me kallar desse verksemdene våre for "Målbedrifter".

Her er nokre av fordelene du får tilgong på som Målbedrift:

  • Ein årleg utviklingssamtale og seks timar med årleg bistand frå Næringshagen
  • Tilgong på eit kompetanseforum med ulike kurs, workshops, studier og andre arrangement.
  • Tilgong på ulike bedrifts- og utviklingsprogram som VekstProgram, VekstSpor, VekstPartner og meir.
  • Kostnadsfri profilering
Ta kontakt for meir info

Våre målbedrifter

Bli målbedrift
Design og utvikling: Omega 365 Design