Personar som er ein del av ein workshop
Næringshagen i Ryfylke. Foto: Jan Nordtveit

Etablerar-hjelp

Går du med ein ide som kanskje kan bli til eit prosjekt eller ei verksemd? Anten ideen din er stor eller liten, heilt i startfasa eller eit ferdig konsept, høyrer me særs gjerne frå deg.

Å vera gründer er til tider ein tøff, arbeidskrevjande og ofte einsam jobb, og det er mange val som skal gjerast. Næringshagen i Ryfylke har både verktøy, kompetanse og vilje til å hjelpe deg med å planlegge dei første skritta mot din og kanskje andre sin arbeidsplass.

Me skreddarsyr våre tenester etter dine behov og samtale med deg som gründer. Her kan me bidra med mellom anna ideavklaring, vurdering av potensielle marknadar og målgrupper, kontakt med aktuelle finanseringsordningar, kunnskap om lovkrav rundt bedriftsetablering for din bransje, moglege samarbeidspartnarar og andre problemstillingar du måtte møte på vegen.

I samarbeid med Suldal kommune tilbyr Næringshagen i Ryfylke innbyggjarane her gratis rådgjevingstimar for deg som ønskjer å starte opp ei verksemd eller som går med ein ny ide i eksisterande verksemd.

Ta kontakt for teneste

Prosjekt

No items found.

Teamet vårt

Alf Aadnøy
Alf Aadnøy
Forretningsutviklar / Prosjektleiar
alf@nhryfylke.no
905 66 358
Portrettbilde
Laila Steine
Dagleg leiar / Forretningsutviklar
laila@nhryfylke.no
977 75 757
Portrettbilde
Marit Larsen
Prosjektleiar / Forretningsutviklar
marit@nhryfylke.no
906 84 861

Verkemiddel

Aktuelt

No items found.

Kurs og arrangement

No items found.

Andre tenester

Design og utvikling: Omega 365 Design