To personar som tek "high five"
Rytopp Foto: Jan Nordtveit.

Ung Karriere

Er du interessert i å lære meir om korleis du får deg jobb i vår region, eller kanskje korleis du skriv best mogleg søknad og korleis du førebur deg til jobbintervju? Eller vil vite meir om kva arbeidsmoglegheiter som finst i vår region i dag eller for framtida? Me har ulike prosjekt, verkemiddel og tenester som kan hjelpe deg på vegen!

Ryfylke med Suldal, Hjelmeland og Sauda er ein flott region å busetja seg i, anten når du ferdig med utdanninga di eller om du ønskjer å flytte hit etter du har budd ein annan stad ei periode. I vår region kan du arbeide innanfor ei rekke næringar. Her finn du mellom anna nokre av Noreg sine største kraftanlegg og andre industrianlegg, spanande handel- og reiselivsbedrifter, ei variert landbruksnæring, byggfirma og entreprenørar og kommunale tenester som helse og omsorg, administrasjon og HR og undervisning.

For vår region er du som ung viktig arbeidskraft for framtida, og me vil gjerne hjelpe deg med å koma tidleg ut i arbeidslivet for å få arbeidserfaring så fort som mogleg. Dette er den beste måten å bli kjend med bedriftene våre på, og for å læra meir om kva du er interessert i og god på. Dette gjer me gjennom ulike program i ungdomsskulen, men me hjelper deg også gjerne om du har spørsmål utanom dette!

Ved å melde deg på nyheitsbrevet vårt "Ung Karriere" vil du også få tilsendt eit nyheitsbrev frå vår region eit par gonger i året med tips og triks til å få seg ei interessant og relevant karriere i vår region, ledige stillingar og mykje meir.

Ta kontakt for teneste

Prosjekt

Teamet vårt

Alf Aadnøy
Alf Aadnøy
Forretningsutviklar / Prosjektleiar
alf@nhryfylke.no
905 66 358
Portrettbilde
Laila Steine
Dagleg leiar / Forretningsutviklar
laila@nhryfylke.no
977 75 757
Portrettbilde
Marit Larsen
Prosjektleiar / Forretningsutviklar
marit@nhryfylke.no
906 84 861

Verkemiddel

Aktuelt

No items found.

Kurs og arrangement

No items found.

Andre tenester

Design og utvikling: Omega 365 Design