Logo til programmet
Foto: Næringshagen i Ryfylke

DigitalVekst

DigitalVekst – er du klar for den digitale omstillinga?

Kompetanseprogrammet DigitalVekst er eit tilbod innan digitalisering som me tilbyr for at bedrifter skal kunne auke kunnskapen sin og stå sterkare i møtet med den digitale utviklinga.

Me inviterer målbedrifter og andre som ser behov for å løfte den digitale kompetansen sin. I tillegg til eit digitalt kunnskapsløft, er målet at ein ved gjennomført program skal ha utarbeidd sin eigen digitaliseringsstrategi og vegkart for korleis bedrifta kan møte det digitale skiftet.

Enkelt forklart betyr digitalisering å bruke teknologi til å forbetre, forenkle og fornye måten ein utfører oppgåvene sine på. Digitalisering gjer det mogleg å jobbe meir effektivt, tilby betre tenester og produkt, eller skape heilt nye tenester og produkt.

Programmet er skreddarsydd for aktuelle digitale utfordringar som dagens verksemder står overfor, og passar godt for små og mellomstore bedrifter. Typiske emne i programmet er digital marknadsføring og strategi, kunstig intelligens (KI/AI), digital tryggleik og datasikkerheit, GDPR og endringsleiing.

Vekstprogrammet går over 4 - 5 samlingar, og er sett saman av faglege føredrag, erfaringsdeling og workshops. Inkludert i programmet er ei kartlegging av kvar deltakarbedrift som viser kor moden bedrifta er digitalt, samt den digitale kompetansen til bedriftene. Mellom samlingane vil deltakarbedriftene òg få individuell oppfølging frå forretningsutviklarar i Næringshagen.

Programmet blir utarbeidd i samarbeid med sentrale aktørar innanfor sine fagfelt.

DigitalVekst kort fortalt:

  • Eit leiings- og bedriftsutviklingsprogram med mål om å utarbeide digital strategi og vegkart for digitalisering
  • Kompetanseprogram innan digitalisering – for auka kunnskap og handlingskraft
  • Samlingsbasert, med føredrag/kompetanseheving, gode verktøy og workshops
  • Kartlegging av deltakarane: Kor digitalt klare er vi eigentleg?
  • Individuell oppfølging mellom samlingane – arbeid med eigne digitale vegkart og digitale strategiar
  • 4-5 samlingar (lunsj inkludert)
  • Målbedrifter som deltek betaler ein eigenandel

Bedrifter som er med:

No items found.

Søknad til bedriftene

NB! Dette er eit test-skjema for prosjektet «9. trinn: Læring i Næring». Ta kontakt med oss på marit@nhryfylke.no for meir informasjon.
Søknadsportalen er no stengt.

Underprosjekt

Ingen andre prosjekt akkurat no…

Kontakt

Alf Aadnøy
Alf Aadnøy
Forretningsutviklar / Prosjektleiar
alf@nhryfylke.no
905 66 358

Teneste

Verkemiddel

No items found.
Design og utvikling: Omega 365 Design
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.