Dagleg leiar Laila Steine sit ved kontorpulten
Næringshagen i Ryfylke. Foto: Jan Nordtveit

Om oss

Me er eit regionalt innovasjons- og utviklingsselskap som arbeider for nyskaping, vekst og utvikling. Me meiner at eit godt arbeidsliv gir eit godt bygdeliv, og engasjerer oss i satsingar og aktivitetar som bidrar til dette.

Næringshagen i Ryfylke er ein næringshage og eit regionalt innovasjons- og utviklingsselskap som arbeider for nyskaping, vekst og utvikling i og for næringslivet i Suldal, Sauda og Hjemeland, samt i Ryfylke som ein heilskap. Vårt hovudmål er å bidra til etablering av nye bedrifter og arbeidsplassar, og auka lønnsemd og vekst i dei bedriftene som allereie finst. Gjennom utvikling av lokalt og regionalt næringsliv skal me bidra til ei berekraftig framtid, sysselsetting og busetjing i våre område.

Me er ein aktiv del av det nasjonale næringshagenettverket til SIVA. Næringhageprogrammet er eit distriktspolitisk verkemiddel som er eigd av fylkeskommunar og kommunal- og moderniseringsdepartementet, med mål om å auka nasjonal verdiskaping frå distrikta. På denne måten får me tilgong på miljø og verkemiddel regionalt, nasjonalt og internasjonalt som me nyttar til å styrkje arbeidet til bedrifter og initiativtakarar i vår region. Les meir om næringshageprogrammet her.


Næringshagen i Ryfylke er eigd av Suldal kommune, SIVA og privat næringsliv. Les meir om styret og eigarane våre her.

Teamet vårt

Portrettbilde
Laila Steine
Dagleg leiar / Forretningsutviklar
Laila er vår daglege leiar, og har vore ansvarleg for oppbygging og utvikling av Næringshagen i Ryfylke sidan oppstarten i 2010.
Laila jobbar som rådgivar og har erfaring som gründer og drift av eiga verksemd, og har jobba med forretningsutvikling og prosjektleiing gjennom fleire år. Ho kan mellom anna hjelpe nyetablerte og etablerte bedrifter med strategiarbeid, prosjektleiing, kobling mellom ulike aktørar og også kunne vere ein sparringspartnar til bedrifter som jobbar med produktutvikling eller ønskjer å nå nye marknader. Laila har eit breidt nettverk innanfor ulike kompetanse- og innovasjonsmiljø i heile Norge og hjelper gjerne til med å setje deg i kontakt med dei rette samarbeidspartnarane. Laila har ei bachelorgrad i reiseliv og mastergrad i innovasjonsleiing. Ho har allsidig styreerfaring og særleg kompetanse innanfor forretningsmodellering, prosjektleiing og organisasjonsutvikling, og er sertifisert i VekstSporet og forretningsutviklingsverktøyet GrowthWheel.
Alf Aadnøy
Alf Aadnøy
Forretningsutviklar / Prosjektleiar
Alf er forretningsutviklar og prosjektleiar i Næringshagen i Ryfylke. Han har lang erfaring frå bedriftsetablering og -utvikling, omstillingsarbeid, kvalitetssikring, design, IT, digitale prosessar og automatisering.
Han har si utdanning frå BI, hovudsakleg innan internasjonalisering, administrative og økonomiske fag. Alf har god internasjonal kompetanse og har jobba med import/eksport, produkt- og tenesteutvikling for internasjonale marknader gjennom mange år. Alf er ein god sparringspartnar for deg som vil starta eiga bedrift eller ønskjer å utvikle nye forretningsområde, der du kan få hjelp til ideutvikling, vurdere risiko og finne og søkje støtte frå relevante støtteordningar. Alf hjelper også etablerte bedrifter med forretnings- og vidareutvikling. Alf er sertifisert i GrowthWheel og VekstSporet.
Portrettbilde
Marit Larsen
Prosjektleiar / Forretningsutviklar
Marit er prosjektleiar og forretningsutviklar i Næringshagen i Ryfylke, med fokus på prosjekt relatert til tettstadsutvikling, bedriftsutvikling, arrangement og rekruttering.
Marit brenn for ungt entreprenørskap, og vil vere ein god sparringspartnar når det gjeld rekrutteringsaktivtetar – også med kobling næringsliv/skule. Marit har breid erfaring frå ulike bransjar og særleg reiseliv. Ho er utdanna kokk og er genuint interessert i gode råvarer, mat og menneske. Med tilleggsutdanning i prosjektleiing, økonomiske og administrative fag, samt organisasjons- og arbeidsleiing, kan ho hjelpe bedrifter med strategiarbeid, prosjektleiing, kobling mellom ulike fagmiljø og produktutvikling. Marit har allsidig styreerfaring frå både organisasjonsliv og næringsliv. Gjennom fleire år har Marit opparbeida seg gode kunnskapar og erfaring frå oppstart og drift av eigne verksemder, og vil kunne vere god hjelp for deg som lurer på å etablere eiga bedrift eller treng å diskutere idear til nye forretningsområde.
Portrettbilde
Maren Landsnes
Prosjektkoordinator
Maren arbeider som prosjektkoordinator der ho leier "Tettstadprosjektet Jelsa".
Maren har mange år med erfaring innanfor bedrifts- og prosjektleiing, sal og marknadsføring. Ho brenn for lokalt samarbeid og for å gjennomføre små og store idear og lev etter sitatet at «ingen tanke er så vill eller sprø at ein ikkje kan bruke deler av den». Maren er praktisk innstilt og likar seg aller best utanfor komfortsona med stor aktivitet og mykje som skjer.
Profilbilde
Vanja Ignjatic
Forretningsutviklar
Vanja Ignjatic arbeider med forretningsutvikling og rådgiving, med særleg fokus på Næringshageprogrammet.
Vanja Ignjatic har juss-bakgrunn med fleire års erfaring frå privat næringsliv, innan legal & compliance-feltet. Ho har brei erfaring med etterleving av lovverk og interndokumentasjon, kontraktar, arbeidsrett, endringsprosessar, personvern og styreoppfølging.
Portrettbilde
Anita Svendheim
Prosjektleiar - reiseliv og kommunikasjon
Anita er prosjektleiar for reiseliv og kommunikasjon, med spesielt fokus på berekraftig reisemålsutvikling og merkevarebygging.
Anita har brei internasjonal erfaring frå Asia og Afrika der ho har arbeidd med bedriftsutvikling, kommunikasjon, merkevarebygging, strategiarbeid. I ein aldar av 19 år starta ho også ein veldedig organisasjon som arbeider den dag i dag med å drifte og utvikle program som bygger opp om sårbare born og familiar i Zimbabwe. I Næringshagen i Ryfylke kan Anita bidra som prosjektleiar innanfor reiseliv og kommunikasjon, der fokuset er på berekraftig reisemålsutvikling og merkevarebygging. Her leiar ho også det nasjonale bedriftsnettverket av og for reisemål som er knytt opp mot merkeordninga "Berekraftig Reisemål". Anita har ein bachelor innafor internasjonalt arbeid og kommunikasjon frå Royal Holloway i England og ein mastergrad innanfor globalt entreprenørskap og risikostyring frå BI. Ho har også kursing innanfor berekraftig reisemålsutvikling, berekraftige forretningsmodellar og berekraftig kommunikasjon.
profilbilde
Anton Horobets
Trainee
Anton Horobets er trainee i næringshagen, der han har fokus på IT og digital synlegheit.
Horobets blei uteksaminert frå Luhansk National Agrarian University i Ukraina der han studerte økonomi og administrasjon ved fakultetet for økonomi. Etter utdanninga har han jobba som salssjef og prosjektleiar før han gjekk inn i IT-verda. Her jobba han med utviklinga av nettsider, reklamemateriell og dataanalysar. Som dataanalytikar håpar han at kunnskapen hans kan vere nyttig for små og mellomstore bedrifter når det kjem til ein stadig meir digitalisert forretningskvardag. Han er oppteken av at bedrifter kan utnytte dataressursane sine betre.

Nettverket vårt

Næringshagen har eit stort nettverk av bedrifter og næringar, ulike kompetanse- miljø, offentlege verkemiddelaktørar og forskings- og utviklingsmiljø.

Me koplar gjerne bedrifter opp mot relevante støttespelarar og nettverk, som aktuelle fagmiljø, moglege investorar, styreressursar eller finansieringsordningar som til dømes Innovasjon Norge, Norges Forskningsråd og offentlege næringsfond. Her kjem ei oversikt over nokre av våre viktigaste samarbeidspartnarar.

Validè

Næringshagane i Norge

Rogaland fylkeskommune

Ryfylkealliansen

Reisemål Ryfylke

Suldal Næringsforening

Næringshagane i Rogaland

Noregs Forskingsråd

Innovasjon Norge

Skattefunn

SIVA

Suldal kommune

Hjelmeland kommune

Sauda kommune

Berekraftig Reisemål - ordninga

Statsforvaltaren

Sauda Vekst

Merkur

Nordic Edge

Ryfylke IKS

Haugaland Vekst IKS

Målbedriftene våre

Skape.no

Illustrasjonsbilete Nyheitsbrev.

Får du nyheitsbrevet vårt?

Kvar månad sender me ut eit nyheitsbrev der du blir meir kjend med utvalde bedrifter i vår region, samt får informasjon om kommande kurs, seminar og aktivitetar.

Abonner på vårt nyheitsbrev

Design og utvikling: Omega 365 Design
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.