Av og til kan det vera utfordrande å finne utav kva støtte- og finansieringsordningar som er mest relevante og interessante for di verksemd, ditt prosjekt eller det du ønskjer å skape i vår region. Våre forretningsutviklarar jobbar tett på desse ordningane i det daglege og kan hjelpe deg med å kartlegge kva ordningar som kan vera mest aktuelle for den satsinga du ønskjer å få til.
Vårt oppdrag er også å sikre at du, anten du tidlegare har søkt på ulike ordningar eller ikkje, har best moglege føresetnadar til å nå fram med din ide. Me hjelper deg difor gjerne med å forstå kva krav som ligg til grunnlag for dei ulike ordningane og korleis du svarer for dette, og kan vidare bidra med gode tips og råd i korleis du legg fram di satsing på best mogleg måte.