Eit kompetanseprogram der me inviterer målbedrifter og andre til å læra meir om den sirkulære framtida! I ei tid der kraft til ansvarleg og effektiv ressursbruk stadig aukar, må bedrifter tilpassa seg for å overleve og vekse. Me må faktisk snakka om i morgon! Dette programmet er utvikla for å gi deg innsikt i innovative forretningsstrategiar og praktiske verktøy som vil hjelpa di bedrift å møte framtidas utfordringar. Gjennom ein kombinasjon av webinar og fysiske workshops vil me utforska nye måtar å tenkje, skape og handle på.
Europa har gjennom EU sett seg som mål om å bli eit klimanøytralt kontinent innan 2050. Per 2020 var den norske sirkulærandelen på 2,4%, til samanlikning låg Nederland på 24%. Noko som betyr at dagens drifts- og forretningsmodellar i Noreg ikkje er levedyktige i møte med sirkulærøkonomimåla.
Sirkulærøkonomi skal fremja berekraft ved å redusere avfall og ressursbruk. I staden for å følgje ein lineær modell der produkt vert produserte, brukte og kasta, fokuserer sirkulær økonomi på å halde produkt, komponentar og material i bruk så lenge som mogleg. Dette minimerer miljøpåverknaden, reduserer kostnadar og skapar økonomiske moglegheiter gjennom innovasjon og nye forretningsmodellar. Ved gjenbruk, reparasjon og resirkulering, bidreg sirkulær økonomi til å nå klimamål og sikre ei meir berekraftig framtid.
Tematikk
Som deltakar i programmet vil du arbeide med:
- Eigen drifts- og forretningsmodell i møte med sirkulærmåla til EU
- Eigen verdikjede og moglegheiter for justering
- Enkle og praktiske bekrekningar av karbonrekneskapen i materialstraumar
- Korleis implementere endringar i eiga bedrift?
Om programmet
Framtidas forretningsmodellar kort fortalt:
- Leiings- og bedriftsutviklingsprogram om den sirkulære framtida med mål om å utvikle innovative forretningsmodellar
- Samlingsbasert, med ein kombinasjon av fysiske workshops og webinar
- Totalt 5 samlingar
- Målbedrifter som deltek betaler ein eigenandel