To personar som går nedover veg frå gard
Foto: Fossane Gard

Med «kvilepausen» som viktigaste produkt

Ein bloggpost var utslagsgjevande for at Janneke og Martijn tok over draumeplassen i 2020. Drivkrafta for arbeidet er å dele plassen, omgjevnadane og og det rolege livet med fleire.

Laurdagstur som enda i småbruk

I 2019 var Janneke Wijgergangs og Martijn Bellemakers busett på Sand i Suldal med fulltidsjobbar på museet og den vidaregåande skulen som dei trivdes godt i. Samtidig gjekk dei med ein draum å finne ein stad der dei kunne drive med utleige, noko som også var grunnen til at dei kom til Noreg frå Nederland i utgangspunktet.

- Ein dag kom eg over ein blogg frå Jone Laugaland, tidlegare journalist i Stavanger Aftenblad, med tittelen «her kan du leve av gjester og kraft». Eg sendte den vidare til Martjin, men eg spurte han ikkje om me skulle reise på visning. Eg tenkte det var langt unna og for stort, fortel Janneke.

- Den helga sa eg til Janneke at me måtte dra på visninga, som var same dag. Me tenkte det kunne vera ein fin dagstur sidan me aldri hadde vore der før, og reiste inn utan for store forventningar, legg Martijn til.

- Det var ein fantastisk plass, og eg opplevde det litt som å koma inn på eit museum. Me blei ganske begeistra, så me gjekk heim og snakka med banken og starta å drøyme, deler Janneke.

I dialog med banken gjekk dei inn for å kjøpe Fossane gard. Her fann dei ut at det var mogleg for Janneke å slutte i sin jobb for å ha fullt fokus på utviklinga av småbruket, medan Martijn haldt fram med arbeidet på skulen. Kjøpet av garden var ei forlenging av Janneke sitt etablerte selskap for aktivitetstilbod, der ho hadde hatt dialog med Næringshagen i Ryfylke.

- Då eg etablerte aktivitetstilbodet mitt fortalde Næringshagen i Ryfylke meg at eg skulle ta eit skritt om gongen, og at me ikkje trengte å gjera det for stort med ein gong. Når eg ser moglegheitene på garden tek eg det med meg i vidareutviklinga. Du treng ikkje å ha eit ferdig produkt for å gjennomføre, for då blir det umogleg, fortel Janneke.

Den 1. mai 2020 flytta dei frå Suldal til Fossane gard i Hjelmeland, med utleigehus, kraftverk og gardsdrift. Då hadde koronapandemien komen for fullt til Noreg og Fossane gard hadde ein kalender tom for bestillingar.

Bygger stein for stein

- Det var ikkje lett å få tak i folk under pandemien, så eg flytta alt frå Sand til Fossane sjølv. Det blei ein 25-26 turar med tilhengar, ler Martijn.

Dei fekk ikkje promotert tilbodet aktivt før dei flytta, men folk fann likevel fram til garden og gjennom sommaren hadde dei ei jamn straum med besøkjande.

- På sett og vis var det fint å ta over under koronapandemien. Då fekk me ein roleg start. Det er så mykje å setje seg inn i på ein ny gard, så då fekk me tileigna oss kunnskap gradvis, kommenterer Janneke.

I koronatida var det hovudsakleg nordmenn som fann sin veg inn til Fossane gard, medan det i dag er fleire og fleire frå Nederland og Tyskland som finn vegen i sommarsesongen. Totalt har dei tre hus med 18 sengeplassar som dei leiger ut heile året.

- Mange her leiter etter ein fin og fredeleg stad, og då er me eit godt val, fortel Martijn, som også kan fortelje om mange aktive naturopplevingar i området, som mellom anna turar, kano og fiske. I tillegg tilbyr dei turar inn i kraftstasjonen på garden, der det er Martjin som er kraftverksjef og guide.

- Det er ein eldre, manuell kraftstasjon, så her får ein eit innblikk i korleis kraftproduksjonen fungerer på ein heilt annan måte enn kva ein gjer på eit moderne anlegg, fortel han.

- I tillegg har me ein god del dyr på garden. I 2022/23 tok eg Vinterlandbruksskulen for å bli bonde sjølv, og no har me sauer, i tillegg til høner, hund og katt. For meg som kjem frå gard er det kjekt å vera bonde igjen, fortel Janneke.

Både Janneke og Martjin har begge bakgrunn i biologi og er opptekne av natur og miljø, og det var naturleg for dei å tidleg få ei miljøsertifisering. Då falt valet på Norsk økoturisme, som den første bedrifta i Rogaland.

- Sjølv om prinsippa allereie ligg i bakhovudet er det viktig å vera knytt opp mot ei nasjonal ordning. Me ser at det påverkar måten me tenkjer og utviklar oss på, samtidig som at det blir viktigare og viktigare for gjestene våre. Me ser det påverkar dei når dei veljer kva stad dei ønskjer å besøke, kommenterer Janneke.

Gode opplevingar over vekst

På spørsmål om kva som er fokuset deira for framtida, er Martijn og Janneke samstemde om at dei er godt nøgde med dagens tilbod, der fokuset ligg på å sikre godt belegg heile året.

- Me kan auke litt, spesielt i vintersesongen. Hovudsakleg er det fordi det er så fint her, og fordi me vil vise det fram til fleire. Me trur det kan bety så mykje for folk at dei kan kome hit og få ein kvilepause, fortel Janneke.

- For vår del er det å fullføre draumen vår viktigare enn vekst til ein kvar pris, legg Martijn til.

- Det har vore viktig for oss å ha ein sunn og trygg økonomi på garden. Hadde me lagt opptil at me måtte ha fullt belegg heile året hadde eg nok hatt vondt i hovudet, smiler Janneke.

Samtidig ser ekteparet store moglegheiter for garden, der dei allereie testar ut ulike retningar.

- Det er mange moglegheiter her, så det handlar berre om å sjå kva ressursar me har og å prioritere kva me har tid til slik at me ikkje gapar over for mykje, fortel Janneke, og legg til:

- Me ser moglegheiter for vidareutvikling av landbruket på garden. I forhold til besøkstilbodet testar me no ut ulike kurs på garden, som ullfarging og yoga-retreats. Eg jobbar også med å utvikle guida turar i sauene sine fotspor.

I ei tid der liva til folk flest blir travlare og travlare har Janneke og Martijn trua på at Fossane gard kan vera ein plass for kvilepausar og avslapping, og ein «time out» frå kvardagen.

- «Slowlife» er eit godt konsept, som ligg tett til tilbodet og opplevinga me vil skape her på Fossane, fortel Martjin.

- Folk flokkar seg saman i byar, og då er det eit stort potensiale for oss. Denne plassen er ikkje berre til oss, den er til fleire og me vil dele den opplevinga. Det er det som er drivkrafta, avsluttar Janneke.

Kontakt

Portrettbilde
Laila Steine
Dagleg leiar / Forretningsutviklar
laila@nhryfylke.no
977 75 757
Alf Aadnøy
Alf Aadnøy
Forretningsutviklar / Prosjektleiar
alf@nhryfylke.no
905 66 358

Kurs og arrangement

No items found.

Teneste

Design og utvikling: Omega 365 Design