digitalt kart over verden
Foto: Shutterstock

10 tips mot hacking

Med nokre enkle førehandsreglar vil du stå styrkja i møte med hackingforsøk på deg og di verksemd.

I dag vert norske bedrifter utsette for titusenvis av svindel- og phishing-forsøk kvar dag. Hackarane blir stadig meir avanserte, og det er sterke antydingar til eit skifte i organiseringa deira – opp på nivået til statlege aktørar. Dei jobbar ikkje lenger berre for økonomisk vinning, men òg for å få tilgang til brukarnamn og passord, personlege opplysningar, bilete, videoar, metadata, og for å stenge ned tenester gjennom såkalla DDOS-angrep. IT-sjefar, IT-ansvarlege og ikkje minst tryggleiksansvarlege rundt om i landet gjer sitt beste, men klarer ikkje å halde hackarane ute åleine. Dei tilsette må bidra med sjølvforsvar gjennom enkle tiltak som: 

1. Unngå å svare på hastemeldingar

Vær skeptisk til e-postar, SMS-ar eller meldingar på sosiale medium som haster med å få deg til å klikke på ei lenkje eller svare på meldinga. Svindlarar utnyttar pressa situasjonar for å lure deg.

2. Pass på QR-kodar!

Vær forsiktig med å skanne QR-kodar i offentlege rom eller på oppmoding frå ukjende. Hackarar kan plassere ondsinna QR-kodar over dei originale for å få tilgang til sensitiv informasjon.

3. Slett nettlesarhistorikk og informasjonskapslar

Slett nettlesarhistorikk, informasjonskapslar og andre nettstaddata minst éin gong i veka. Dette reduserer risikoen for at hackarar får tak i informasjon om deg.

4. Bruk ein USB data blocker

Unngå å lade telefonen din direkte frå offentlege USB-ladepunkt utan ein USB data blocker. Offentlege ladepunkt kan vere kompromitterte og brukte til å få tilgang til eininga di.

5. Bruk "svar til alle"-funksjonensome text

Dersom du er usikker på kvar ein e-post kjem frå, bruk "svar til alle"-funksjonen. Dette kan avsløre den ekte e-postadressa til avsendaren.

6. Varier passorda dine

Bruk forskjellige passord for ulike tenester. Lange passord er sikrare enn komplekse passord.

7. Ikkje lagre passord i nettlesaren

Lagre aldri passorda dine i nettlesaren. Skriv dei heller ned på papir og oppbevar dei på ein sikker stad.

8. Unngå å klikke på tilsendte lenkjer

Dersom du mottek ei lenkje i ein e-post, skriv inn nettadressa manuelt i nettlesaren i staden for å klikke direkte på lenkja. Dette reduserer risikoen for å bli lurt av phishing-angrep.

9. Sørg for riktig DMARC-konfigurasjon

Sørg for at bedrifta di har riktig oppsette DMARC-innstillingar for å hindre at hackarar kan sende e-post frå bedriftens domene.

10. Vær førebudd på sjølvforsvar

Forstå at alt kan hackast, men ved å ta nokre enkle steg for å beskytte deg sjølv, reduserer du risikoen for hacking.

Ytterlegare beskyttelsestiltak

Phishing-åtferd:

Vær merksam på vanlege phishing-teknikkar og unngå å klikke på mistenkelege lenkjer eller opne ukjende vedlegg.

Backup og skytjenester:

Ikkje stol på at skytjenester automatisk tek backup av dine data. Sørg for å ha gode backuprutinar og avtalar med tredjepartar for å sikre dine data.

Kontinuerleg opplæring:

Delta i seminar og videokurs om IT-tryggleik for å halde deg oppdatert på dei nyaste truslane og tryggleikstiltaka.

Artikkelen er levert som ein del av programmet DigitalVekst, som er eit årsprogram som Næringshagen i Ryfylke tilbyr bedrifter i vår region. Les meir om programmet under "prosjekt".

Kontakt

Alf Aadnøy
Alf Aadnøy
Forretningsutviklar / Prosjektleiar
[email protected]
905 66 358
profilbilde
Anton Horobets
Trainee
[email protected]
939 75 750

Kurs og arrangement

No items found.

Teneste

Design og utvikling: Omega 365 Design
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.