Ein viktig del av berekraftsperspektivet i reisemålsutviklinga er å sikre at ein tek reisemålet sin særprega natur, kulturarv, historie, tradisjonar og identitet inn som ein del av merkevarebygginga og produktutviklinga på ein slik måte at den blir fremja, samstundes som den blir verna om. I våre reiselivsoppgåver har me difor fokus på å skape konkurransedyktige produkt, samstundes som me ønskjer å bidra til å skape stolte innbyggjarar og å bygge opp om identitetskjensla til dei fastbuande.
Her er nokre at dei relaterte prosjekta me har vore involverte i:
Utviklinga av kulturhistoriske løyper på Jelsa, Sand og Ropeidhalvøya. Prosjektet var støtta av Suldal kommune
Tilrettelegging av historisk ferdselsveg over Hylsskardet. Prosjektet var støtta av Statens vegvesen, Suldal kommune og grunneigar.
Videoserien "Suldalsnøttene" - den lokal vri på dei tradisjonelle påskenøttene.
Utvikling av kulturhistoriske skilt for grender og ved utvalde kulturminne.
Deltaking i prosjektet "Kraftturisme Vestlandet". Eit samarbeidsprosjekt mellom Rogaland og Vestland fylkeskommunar.
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.