Bilde av logo for ordninga
Foto: Innovasjon Norge Reiseliv

Nettverk for "Berekraftige Reisemål"

I 2022 tok Næringshagen i Ryfylke initiativ til å starte opp eit nasjonalt nettverk for destinasjonsselskap og andre aktørar som står ansvarlege for "Berekraftig reisemål" ordninga i sin region, der reisemåla har felles indikatorar og målsetningar å forholde seg til i den berekraftige og heilskaplege utviklinga av eige reisemål. Målsetninga er at destinasjonane skal kunne jobbe smartare, spare ressursar og utvikle seg meir effektivt ved å ha tettare kunnskaps- og erfaringsutveksling, gå inn for felles satsingar og samla løfte fram saker som opptek reisemåla som ein fellesskap.

Noreg har i den nasjonale reiselivsstrategien sett seg eit tydeleg mål om korleis ein ønskjer at reisemålsutviklinga i landet skal vera den kommande tida med ei halvering av klimautsleppa som næringa står ansvarleg for, samstundes som ein aukar verdiskapinga, arbeidsplassane og kundeopplevingane. Ein god del av dette arbeidet må skje nasjonalt, men eit stort ansvar ligg likevel til destinasjonane og reisemåla som gjerne ofte sit tettast på prosessar relatert til reisemålutviklinga og den tett relaterte og meir generelle samfunnsutviklinga. Den einaste nasjonale ordninga som i dag gir reisemåla konkrete verktøy i arbeidet for å jobbe mot desse ambisjonane er "Berekraftig reisemål" ordninga drifta av Innovasjon Norge Reiseliv.

Kunnskapen som dei involverte reisemåla sit på per i dag er den beste føresetnaden ein har til å lukkast med å sikre ei god utvikling av norsk reiseliv som bygger på behov og kunnskap nedanfrå og opp. Difor tok Næringshagen i Ryfylke initativ til å starte opp eit nasjonalt bedriftsnettverk for reisemåla som er ein del av dette arbeidet, med fokus på korleis ein tek arbeidet frå merking og inn i ei driftsfase. Gjennom tettare arbeid rundt utvikling av verktøy, felles satsingsområde og tettare dialog er målet at reisemåla samla skal kunne spare ressursar og jobbe meir effektivt, samstundes som ein aukar konkurranseevna og innovasjonshøgda lokalt. Per i dag er det i overkant av 40 deltakarar i nettverket.

Bedrifter som er med:

No items found.

Underprosjekt

Ingen andre prosjekt akkurat no…

Kontakt

Portrettbilde
Anita Svendheim
Prosjektleiar - reiseliv og kommunikasjon
anita@nhryfylke.no
924 44 948

Teneste

Verkemiddel

No items found.
Design og utvikling: Omega 365 Design
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.