Bilde av sau med vertskapsuniform
Næringshagen i Ryfylke. Foto: Jan Nordtveit

Vertskapskurs

Kva er det som er unikt med din kommune? Kvar finn ein gode naturopplevingar, og korleis sikrar ein ansvarleg ferdsel? Kva er unikt med vår kulturarv, og korleis formidle desse historiane til besøkjande? Kva arrangement kan ein promotere og kva bør me sikre at gjestene våre får med seg før dei reiser vidare? Kvar finn ein legevakta eller næraste hjertestatar? Kva sit gjestene igjen med etter at dei har vore på besøk hjå deg?

Eit godt vertskap er heilt avgjerande for reisemåla våre, og ei investering i dette er med på å sikre at gjestene våre får bedre opplevingar, at dei gjerne blir lengre og nyttar seg av fleire tilbod og vidare at dei får kunnskap om korleis dei ferdast på ein måte som er til minst mogleg forstyrring for natur, dyr og lokalbefolkning. Av denne grunn har Næringshagen i Ryfylke gjennom ulike samarbeid utvikla ulike vertskapskurs som skal vera til nytte for deg og din organisasjon i ein travel kvardag.

Våre kurs er som følgjer:

  • Suldalsstandarden: Ein kursserie som gir deg kjennskap til natur, kultur og næringsliv i Suldal. Her får du også ei innføring i villaksen vår, krafthistoria vår og kva "Berekraftig reisemål" arbeidet betyr for vår kommune. Kurset er utvikla i samarbeid med Suldal kommune.
  • Ryfylkeverten: Ein kursserie for turistvertar i Ryfylke der ein får ei innføring i tilboda i regionen, samt blir betre kjend med kva det vil seie å vera ein "Ryfylkevert". Kurset er utvikla i samarbeid med Reisemål Ryfylke og reisemåla i Ryfylke.
  • Heiverten: Ein kursserie som gir deg kjennskap til villreinen vår, verneområda, kulturminna i heia og generelle føringar for godt naturvett. Kursa er utvikla i samarbeid med Destinasjon Hovden og SVR med støtte frå Rogaland - og Agder fylkeskommunar. Kurset er tilbudt til alle dei 17 Heiplankommunane.

Alle kursa er utvikla gjennom e-læringsplattformen "Motimate" som gir deg enkel tilgong på kurs via PC eller telefon.

Er du interessert i å få tilgong på eitt eller fleire av kursa, eller kanskje du ønskjer at me kjem til deg for å halde eit fysisk kurs? Ta gjerne kontakt med oss!

Bedrifter som er med:

No items found.

Søknad til bedriftene

NB! Søknadsskjema for Læring i Næring 23 er nå stengt. Ta kontakt med oss på marit@nhryfylke.no for meir informasjon.
No items found.
Takk! Søknaden din er registrert.
Hmmm… Noko gjekk gale ved innsending. Prøv gjerne på nytt eller ta kontakt på epost.

Underprosjekt

Ingen andre prosjekt akkurat no…

Kontakt

Portrettbilde
Anita Svendheim
Prosjektleiar - reiseliv og kommunikasjon
anita@nhryfylke.no
924 44 948

Teneste

Verkemiddel

No items found.
Design og utvikling: Omega 365 Design