Illustrerte hus
Foto: Næringshagen i Ryfylke

Yrkes- og utdanningsmessa

Yrkes- og utdanningsmessa (YUM) er ein årleg arena der om lag 700 ungdommar frå Sauda og Suldal møter næringslivet og utdanningsinstitusjonar i regionen. Målet er å gi ungdom i Ryfylke kjennskap til lokale moglegheiter for utdanning og framtidig arbeidsliv – og samtidig gi bedriftene høve til å synleggjere seg som attraktive arbeidsplassar for framtidas kompetanse.

Messa blir arrangert kvar november, og roterer mellom vertskommunane Sauda og Suldal. Ho består av ein messedag der lokale verksemder presenterer seg for elevar frå ungdomsskulane i Sauda og Suldal, Sauda vidaregåande skule og andre arbeidssøkjande. Arrangementet blir kombinert med førebuingsarbeid i klassane, foreldre- og elevdagar, fagleg innhald og eiga messeavis.

Næringshagen i Ryfylke har hatt ansvar for messedagen sidan oppstarten i 2010, og arrangementet er eit tett samarbeid mellom Sauda vidaregåande skule, Rytopp, ungdomsskulane, kommunane, Sauda Vekst, Suldal Næringsforening og næringslivet i Sauda og Suldal. Samarbeidet har gjennom åra bidrege til å skape ein sterk og relevant møteplass mellom skule og arbeidsliv.

I tillegg til sjølve messedagen driftar Næringshagen den digitale yrkes- og utdanningsportalen utdanningiryfylke.no, i samarbeid med Sauda Vekst. Her presenterer bedriftene seg gjennom digitale stands som både blir nytta i førebuinga til messedagen og som eit verktøy for å synleggjere utdannings- og arbeidsmoglegheiter i Ryfylke heile året.

Bedrifter som er med:

No items found.

Søknad til bedriftene

NB! Dette er eit test-skjema for prosjektet «9. trinn: Læring i Næring». Ta kontakt med oss på marit@nhryfylke.no for meir informasjon.
Søknadsportalen er no stengt.

Underprosjekt

Ingen andre prosjekt akkurat no…

Kontakt

Portrettbilde
Marit Larsen
Prosjektleiar / Forretningsutviklar
marit@nhryfylke.no
906 84 861

Teneste

Verkemiddel

Design og utvikling: Omega 365 Design
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.