Gjennom prosjektet får 9. trinn vera med på bedriftsbesøk, søknadsskriving og intervjurunde, som blir avslutta med eit eventuelt jobbtilbod ei veke. Arbeidsattest vil bli delt ut til ungdommane etter prosjektet er avslutta og ein arrangerer ei felles evaluering i mai før skuleåret er over. Ungdommen sjølv gjer val om kven dei skal besøkje og kva jobbar dei vil ha, noko som oppmuntrar til å ta eigne val og ta ansvar for eigen læring.
Læring i Næring prosjektet er vinn-vinn for langsiktig rekruttering for både næringsliv og ungdommar. Næringslivet får tidig kontakt med ungdommane med tanke på ekstrahjelp og helge- sommarjobbar. Ungdommane får jobberfaring og ein lærekurve for korleis dei skal te seg for og etter ein jobbsituasjon.
Etter over ti års erfaring i Næringshagen i Ryfylke med Læring i Næring-programmet i Suldal er dette ei viktig rekrutteringsarena som gir tidlege relasjonar mellom skule og næring.
Informasjon til bedrifter 25/26
Program for Læring i Næring 25/26