
Jobbsøk er eit undervisningsopplegg for 10. trinn i ungdomsskulen, der elevane får prøve seg på verkelege prosessar knytt til jobbsøking og arbeidserfaring i samarbeid med lokalt næringsliv. Målet er at ungdommen skal få innsikt i korleis ein søkjer jobb, blir kjend med arbeidsmoglegheiter i eigen region, og får erfaring med å møte arbeidsgjevarar i ein realistisk setting.
Programmet har vore drifta av Næringshagen i Ryfylke sidan 2015, og er utvikla i samarbeid med lokale skular og bedrifter. Elevane får lære korleis dei utformar ein god søknad og CV, basert på fiktive stillingsannonsar frå lokale verksemder, før dei gjennomfører jobbintervju med bedriftsleiarar frå regionen. På denne måten får ungdommane både praktisk trening og nyttig innsikt i kva som krevst i dagens arbeidsmarknad.
Jobbsøk byggjer vidare på arbeidet elevane startar i 9. trinn gjennom prosjektet Læring i Næring, og er med på å styrkje samarbeidet mellom skule og arbeidsliv. Slik får både ungdom og bedrifter verdifull erfaring – elevane får prøve seg i møte med reelle arbeidsgjevarar, medan bedriftene får moglegheit til å synleggjere seg og knyte kontakt med framtidas arbeidskraft.

