ReiseVekst er eit utviklingsprogram for reiselivsbedrifter som ønskjer å skape gode og lønnsame opplevingar heile året. Satsinga er eit samarbeid mellom Næringshagen i Ryfylke og Reisemål Ryfylke, og har som mål å styrkje omstillingsevne, innovasjon og verdiskaping i reiselivet i regionen.
Gjennom programmet får bedriftene arbeide systematisk med eigen utvikling – frå produktidé til ferdig, bookbar oppleving. ReiseVekst tek utgangspunkt i prinsipp for berekraftig reiseliv og legg vekt på praktisk læring, med verktøy for forretningsutvikling, marknadsføring, prising og digitale løysingar.
Programmet hjelper deltakarane med å utvikle attraktive og lønnsame produkt, vurdere eigne digitale kanalar, gjennomføre VekstSpor-prosessar og etablere berekraftige forretningsmodellar med konkrete vekststrategiar. Deltakarane får òg tilgang til mentorordning og faglege ressursar, og byggjer verdifulle nettverk med andre verksemder i regionen.
ReiseVekst har blitt gjennomført fleire gongar i Ryfylke, med støtte frå Ryfylkefondet og Innovasjon Norge.
Kva får bedrifta igjen for å delta i programmet?
- Bedrifta skal utvikle attraktive og bookbare produkt.
- Bedrifta får hjelp til å gjennomgå eigne digitale kanalar, inkl websider og some, gjennomgang eigne produkt og opplevingar og prismodellar for å auke lønnsemd.
- Bedrifta har tilgang på mentorordning.
- Bedrifta etablerer berekraftig forretningsmodell og utformar vekststrategi med handlingsplan ved gjennomføring av VekstSpor prosess
- Bedrifta vil få kunnskap om finansielle virkemiddel.
- Bedrifta vil få eit styrka nettverk med andre rundt seg og si bedriftsutvikling.
Er du interessert i ReiseVekst? Ta gjerne kontakt med oss!