to damer på stand
Skattkammeret Suldal. Foto: Kevin Molstad

Gladmat

Gladmat er ein av Noregs største matfestivalar – ein folkefest der smaksopplevingar, lokalmat og serveringsglede fyller Stavanger sentrum kvar sommar. Festivalen er ei unik moglegheit for lokalmatprodusentar og reiselivsaktørar til å vise fram produkta sine, knyte nye kontaktar og styrkje omdømmet til regionen som matdestinasjon.

Næringshagen i Ryfylke har gjennom fleire år vore engasjert i Gladmat-samarbeidet. Første gong i 2011, då Suldal stilte med eigen stand, og igjen i 2017 gjennom eit breiare Ryfylke-samarbeid. I 2025 vart innsatsen løfta til eit nytt nivå – med Suldal og Hjelmeland samla på ein felles Ryfylke-stand, der Suldal kommune var prosjekteigar og Næringshagen i Ryfylke leia prosjektet.

På standen deltok ei rekkje reiselivs- og landbruksbedrifter som også har samarbeidd i prosjektet Matskattar frå Suldal. Resultatet vart ei imponerande utstilling av lokal mat, drikke og opplevingar – og ekstra stas vart det då statsministeren og kunnskapsministeren tok turen innom for lunsj! Suldal sin stand vart dessutan tildelt den gjeve prisen «Årets Gladmatoppleving», som ei anerkjenning av både kvalitet, vertskap og formidlingsevne.

I 2025 hadde Næringshagen òg ansvar for prosjektet «Smak deg gjennom Ryfylke» – ei felles satsing for omdømmebygging og marknadsføring av regionen under Gladmat. Her samarbeidde ein med Suldal kommune, Hjelmeland kommune, og Reisemål Ryfylke. Målet var å løfte fram Ryfylke som ein mat- og opplevingsregion med stolte produsentar, sterke fellesskap og ekte kvalitetar frå fjord til fjell. Prosjektet fekk støtte frå Ryfylkefondet, og vart eit inspirerande døme på korleis samarbeid på tvers av kommunar og næringar kan gi synleg resultat – både i media, på festivalarenaen og i omdømmet til regionen.

Bedrifter som er med:

No items found.

Søknad til bedriftene

NB! Dette er eit test-skjema for prosjektet «9. trinn: Læring i Næring». Ta kontakt med oss på marit@nhryfylke.no for meir informasjon.
Søknadsportalen er no stengt.

Underprosjekt

Ingen andre prosjekt akkurat no…

Teneste

Design og utvikling: Omega 365 Design
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.