AccessNorway er eit nasjonalt utviklingsprosjekt for å styrkje arbeidet med tilgjengeleg og inkluderande reiseliv i Noreg. Prosjektet blir gjennomført i tett samarbeid mellom Sunnaasstiftelsen, Inklu Beitostølen, Visit Norway, Innovasjon Noreg Reiseliv og Nettverk for Destinsajonsleiing og Berekraftig Reisemålsutvikling (NDBR), med støtte frå Bufdir gjennom året 2025.
Satsinga er forskningsbasert, og byggjer på arbeidet til Nordlandsforskning og partnarane deira gjennom prosjektet AccessTour, som har lagt eit solid kunnskapsgrunnlag for korleis reiselivet kan arbeide strategisk med universell utforming og tilgjengelegheit.
AccessNorway vidarefører denne forskinga i praktiske verktøy og prosessar som gjer det enklare for reisemål og reiselivsbedrifter å tilby inkluderande og universelt utforma opplevingar, og å styrkje Noreg sin posisjon som eit føregangsland innan tilgjengeleg reiseliv.
Leveransar i prosjektet
- Accessibility Guide – ein nasjonal mal for korleis reisemål kommuniserer tilgjengelegheit på eigne nettsider.
- Accessibility Plan for destinasjonar – eit steg-for-steg-verktøy som hjelper reisemål å kartleggje og planleggje tiltak for betre tilgjengelegheit.
- Accessibility Plan for bedrifter – eit steg-for-steg-verktøy som hjelper reiselivsbedrifter å kartleggje og planleggje tiltak for betre tilgjengelegheit.
- Accessibility Label – standard på produktnivå som gjer det mogleg å synleggjere og dokumentere tilgjengelege opplevingar og tilbod.
Verktøya blir utvikla i samarbeid med Inklu Beitostølen og testa ut gjennom pilotreisemåla Visit Voss og Visit Sognefjord. Erfaringane herfrå skal danne grunnlaget for vidare utrulling til fleire reisemål i NDBR og Noreg generelt.