person på toppen av fjelltopp
Foto: Ryfylkefotografen

ReiseVekst

ReiseVekst er eit utviklingsprogram for reiselivsbedrifter som ønskjer å skape gode og lønnsame reiselivsopplevingar heile året. Programmet er levert i eit samarbeid mellom Næringshagen i Ryfylke og Reisemål Ryfylke.

Bedriftene som deltek lærer nye og spennande måtar å jobbe med omstilling, innovasjon og produktutvikling, der også prinsipp for berekraftig reiseliv er ein del av utviklingsprosessane.

Kva skal til for at nettopp di reiselivsbedrift blir attraktiv for lønnsame gjester? Deltakarane får mange praktiske verktøy for å utvikle heilskaplege, meiningsfylte, lønnsame og bookbare opplevingar i eiga bedrift. Programmet har ei praktisk tilnærming og deltakarane vil arbeide med utvikling av eiga bedrift.

Kva får bedrifta igjen for å delta i programmet?

  • Bedrifta skal utvikle attraktive og bookbare produkt.
  • Bedrifta får hjelp til å gjennomgå eigne digitale kanalar, inkl websider og some, gjennomgang eigne produkt og opplevingar og prismodellar for å auke lønnsemd.
  • Bedrifta har tilgang på mentorordning.
  • Bedrifta etablerer berekraftig forretningsmodell og utformar vekststrategi med handlingsplan ved gjennomføring av VekstSpor prosess
  • Bedrifta vil få kunnskap om finansielle virkemiddel.
  • Bedrifta vil få eit styrka nettverk med andre rundt seg og si bedriftsutvikling.

Gjennomføring

Programmet er fordelt på sju samlingar frå januar-april, med to fysiske samlingar, fire digitale samlingar og ein studietur. I 2023 og 2024 blei programmet gjennomført med støtte frå Ryfylkefondet og Innovasjon Norge.

Er du interessert i ReiseVekst? Ta gjerne kontakt med oss!

Bedrifter som er med:

No items found.

Underprosjekt

Ingen andre prosjekt akkurat no…

Kontakt

Portrettbilde
Laila Steine
Dagleg leiar / Forretningsutviklar
laila@nhryfylke.no
977 75 757
Portrettbilde
Anita Svendheim
Prosjektleiar - reiseliv og kommunikasjon
anita@nhryfylke.no
924 44 948

Teneste

Verkemiddel

Design og utvikling: Omega 365 Design
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.