
Prosjektet spring ut frå eit felles ønske i næringslivet om å bruke lokale råvarer, kulturarv og forteljingar til å skape noko meir enn berre mat – nemleg heile opplevingar. Resultata viser allereie korleis tettare samarbeid mellom bønder, produsentar og reiselivsaktørar gir konkrete gevinstar:
Gjennom kurs, studieturar, produktutvikling og marknadsføring har Matskattar frå Suldal lagt grunnlaget for eit meir lønnsamt og berekraftig næringsliv. Lokale råvarer blir no i større grad tekne i bruk i reiselivet, og fleire bedrifter har utvikla heilskaplege opplevingar med mat som ein naturleg del av konseptet.
Satsinga er eit samarbeid mellom Suldal Næringsforening, lokale mat- og reiselivsaktørar og regionale partnarar, der Næringshagen i Ryfylk eer prosjekteigar. Arbeidet er støtta av Rogaland fylkeskommune.