Bilde av familie i eplehage
Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland

Matskattar frå Suldal

Matskattar frå Suldal er eit hovudprosjekt for perioden 2023–2025 som styrkjer samarbeidet mellom landbruk og reiseliv i Suldal. Gjennom samarbeid, kompetanseheving og felles profilering har prosjektet bidrege til å utvikle nye produkt, opplevingar og forretningsmoglegheiter som samla byggjer Suldal si merkevare som matdestinasjon.

Prosjektet spring ut frå eit felles ønske i næringslivet om å bruke lokale råvarer, kulturarv og forteljingar til å skape noko meir enn berre mat – nemleg heile opplevingar. Resultata viser allereie korleis tettare samarbeid mellom bønder, produsentar og reiselivsaktørar gir konkrete gevinstar:

  • Nye reiselivsprodukt og opplevingar som kombinerer mat, natur og aktivitetar
  • Forretningsutvikling av tilleggsnæringar i landbruket, med nye produkt og marknadskanalar
  • Felles merkevarebygging av Suldal som ein tydeleg og attraktiv matdestinasjon
  • Sterkare nettverk og samarbeid på tvers av bransjar og bedrifter

Gjennom kurs, studieturar, produktutvikling og marknadsføring har Matskattar frå Suldal lagt grunnlaget for eit meir lønnsamt og berekraftig næringsliv. Lokale råvarer blir no i større grad tekne i bruk i reiselivet, og fleire bedrifter har utvikla heilskaplege opplevingar med mat som ein naturleg del av konseptet.

Satsinga er eit samarbeid mellom Suldal Næringsforening, lokale mat- og reiselivsaktørar og regionale partnarar, der Næringshagen i Ryfylk eer prosjekteigar. Arbeidet er støtta av Rogaland fylkeskommune.

Les meir om satsinga her.

Bedrifter som er med:

No items found.

Søknad til bedriftene

NB! Dette er eit test-skjema for prosjektet «9. trinn: Læring i Næring». Ta kontakt med oss på marit@nhryfylke.no for meir informasjon.
Søknadsportalen er no stengt.

Underprosjekt

Ingen andre prosjekt akkurat no…

Teneste

Design og utvikling: Omega 365 Design
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.