presentasjon
Foto: Privat

50 reisemål samarbeider om berekraftig reisemålsutvikling

Det siste året har 50 reisemål frå heile landet, merka under den nasjonale ordninga «Berekraftig Reisemål», kome saman for styrkje og effektivisere den lokale utviklinga av reiselivet.

Reiselivet er den femte største eksportnæringa i Noreg. I møte med ei tid der det norske oljeeventyret går mot slutten og må erstattast med nye næringar vil reiselivet truleg bli enda viktigare. I september i år annonserte også næringsminister Jan Christian. Vestre at reiseliv blir den femte eksportnæringa i regjeringa sin eksportreform. «Hele Norge eksporterer». Fokuset her er å bidra til aukaeksport av ei konkurransedyktig næring som er meir berekraftig og lønnsam. I arbeidet med å bygge Noreg sine eksportnæringar for framtida skil reiselivet seg også ut som ei næring som også i stor grad bidreg til by- og stadutvikling, ved at reiselivsbedriftene skapar sosiale arenaer og aktivitetstilbod som legg til rette for auka bulyst i byar og bygder over heile landet. Denne effekten er forsterka i ei tid der reiselivet i aukande grad blir utvikla i eit heilskapleg og berekraftig perspektiv, der næringa skal ha som mål å skape positive effektar ikkje berre for næringsliv, men også for lokalsamfunn, menneske og miljø.

Eit premiss for at Noreg skal lukkast med den berekraftige omstillinga i reiselivet, der ein utnyttar næringa sitt fulle potensiale som eksportnæring og skapar positive effektar for næringsliv, lokalsamfunn, menneske og miljø, er at næringa blir bygd nedanfrå og opp. Dette fordi destinasjonane og det lokale reiselivet i Noreg, med sine store lokale forskjellar, må ta utgangspunkt i sitt eige lokalsamfunn sine moglegheiter og utfordringar i arbeidet med å skape ein attraktiv stad å bu, arbeide og besøke. Det er kvar enkelt destinasjon sin særprega natur og kulturs om set premissa for konkurransedyktige reiselivsprodukt, samstundes som det er lokalsamfunnet som må setje rammene for eit berekraftig reiseliv gjennom eigne tolegrenseanalysar og besøksstrategiar.

Noreg er i dag på mange måtar eit føregangsland i forhold til å ha ei strategisk og heilskapleg tilnærming til den lokale utviklinga av reiselivsnæringa. I 2013 blei merkeordninga «Berekraftig reisemål» («Merkeordninga») lansert av InnovasjonNorge som eit strategisk verktøy med målbare og konkrete indikatorar som tek inn over seg miljømessig, sosial og økonomisk berekraft i utviklinga av ein heil destinasjon, som ei av dei første i verda. I dag er det omlag 50 destinasjonar som har knytt seg til ordninga, noko som famnar om omlag 35% av norske kommunar og fleire tusen reiselivsbedrifter.

Hausten 2022 kom 50 av destinasjonane under Merkeordninga saman for å sikre at den lokale kunnskapen rundt berekraftig reisemålsutvikling i styrkja grad blir eit konkurransefortrinn for alle deltakarane som ein heilskap. Ved å strukturere kunnskaps- og erfaringsutvekslinga mellom destinasjonane vil ein kunne intensivere og effektivisere utviklinga av ei konkurransedyktig og berekraftig reiselivsnæring for framtida, som tek utgangspunkt i lokale forhold og lokal kompetanse. Dette vil auka vertskapsattraktiviteten, kompetansen, innovasjonsevna og skaleringsevna på kvart enkel destinasjon med sine reiselivsbedrifter, noko. som bidreg til auka lokal verdiskaping, fleire og meir attraktive arbeidsplassar og eit reiseliv som i styrkja grad bidreg til utviklinga av gode lokalsamfunn.

Forprosjektet som gjekk frå november 22 –mai 23 blei støtta av Innovasjon Norge si ordning for forprosjekt forbedriftsnettverk, er følgjande deltok: Visit Svalbard, Kragerø Næringsforeing, Visit Tromsø, Nordveggen/Rauma, Destinasjon Trysil, Visit Lindesnes, VisitVoss, Lyngenfjordregionen, Næringshagen i Ryfylke/Suldal, Visit Jotunheimen, Åfjord, Visit Sunnhordaland, Visit Innlandet, Nasjonalparkriket, Vest-Telemark, Hemsedal, Geiranger/Stranda, Visit Norefjell, Lysefjorden, Senjaregionen, Visit Røros og Østerdalen, Femund-Engerdal, Destinasjon Lofoten, Alta, Fredrikstad, Rjukan, Bø i Telemark, Visit Geilo, Visit Fjordkysten og Sunnfjord, Kirkenes, Hallingdal, Visit Narvik, Visit Valdres, Visit Bergen, Visit Bodø, Visit Nordfjord, Visit Lillehammer, Midt-Telemark, Visit Rjukan, Visit Nordkapp, Visit Sørlandet, Sapmi Næringshage, Malung-Salen, Nesbyen, Gol og Geilo. I tillegg deltok følgjande prosessleiarar og fagmiljø: Occasio Consulting, Mimir, UIS, Segel. Næringshagen i Ryfylke sto som prosjekteigar og hadde prosjektleiinga.

Kontakt

Portrettbilde
Anita Svendheim
Prosjektleiar - reiseliv og kommunikasjon
anita@nhryfylke.no
924 44 948
Portrettbilde
Laila Steine
Dagleg leiar / Forretningsutviklar
laila@nhryfylke.no
977 75 757

Kurs og arrangement

No items found.

Teneste

Design og utvikling: Omega 365 Design