Foto: NIR

Tredje samling i DigitalVekst-programmet

I starten av september hadde me den 3.samlinga på kompetanseprogrammet vårt DigitalVekst, kor deltakarane fekk innsikt i digital endringsledelse.

Veni hadde foredrag for oss om emnet, og delte mellom anna erfaringar og innsikt i korleis bedrifter kan rigga seg best mogleg i møte med endringar.

Programoppsett

DigitalVekst går over fire samlingar, og består av faglege foredrag, erfaringsdeling og workshops. Mellom samlingane får kvar deltakarbedrift individuell oppfølging frå programansvarleg. Inkludert i programmet er også ei kartlegging av kvar enkeltbedrift, som viser både den digitale kompetansen og kor modne bedriftene er digitalt.

Tema for samlingane i år er:

  • Synlegheit og marknadsføring på nett
  • Digital strategi og endringsleiing
  • Kunstig intelligens (KI) og digitale verktøy
  • Datatryggleik.

Kunnskap, strategi og praktiske verktøy

Målet med programmet er ikkje berre å gi deltakarane eit digitalt kunnskapsløft – men at dei ved gjennomført program skal ha utarbeidd ein digitaliseringsstrategi, eit vegkart for korleis dei kan møte framtida på ein meir robust og effektiv måte.

Gjennom deltaking får bedriftene:

  • Konkrete verktøy og ny kunnskap som kan brukast direkte i eigen kvardag
  • Individuell rettleiing tilpassa deira situasjon og behov
  • Moglegheit til å utveksla erfaringar med andre verksemder i same situasjon

Bedriftene som deltek gir tilbakemeldingar om at det er svært kjekt å få eit slikt lokalt tilbod. Dei opplever innhaldet som både relevant og tidsriktig – og som noko som faktiskhjelper dei å ta dei neste stega i digitaliseringsarbeidet.

Skreddarsydd for dagens utfordringar

Programmet er tilpassa dei mest aktuelle digitale utfordringane som verksemder står overfor i dag, og passar godt for både små og mellomstore bedrifter.

 

Utforma i samarbeid med fagmiljø

Programmet er utvikla i samarbeid med Veni, Leadify og Upheads, som bidreg med kompetanse og verktøy for å skape digital konkurransekraft.

DigitalVekst er eit tilbod ein finn hjå fleire næringshagar i Rogaland og på Sørlandet i år, og totalt deltek 14 bedrifter i årets program. Me inviterer her målbedrifter og andre som ser behov for å auka den digitale kompetansen sin.

 

Kontakt

Portrettbilde
Laila Steine
Dagleg leiar / Forretningsutviklar
laila@nhryfylke.no
977 75 757
Alf Aadnøy
Alf Aadnøy
Forretningsutviklar / Prosjektleiar
alf@nhryfylke.no
905 66 358
Profilbilde
Vanja Ignjatic
Forretningsutviklar
vanja@nhryfylke.no
989 07 220

Kurs og arrangement

No items found.

Teneste

Design og utvikling: Omega 365 Design
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.