Maiken er tidlegare utdanna ambulansearbeidar/paramedisinar med over 15 års erfaring frå tenesta.Tida i ambulansetenesta har gitt henne utallege møte med menneske i svært ulike og krevjande situasjonar – erfaring som har gitt henne ei djup forståing for kor avgjerande mental styrke og emosjonell balanse er, både i krise og i kvardag. Ho har òg sjølv erfart kor viktig det er å ha mental styrke og balanse i krevjande periodar. Dette blei og starten på hennar eigen reise som mentaltrenar gjennom selskapet sitt Skap-flyt.
Maiken møter menneske på ein ekte og inspirerande måte – alltid med eit ynske om å løfte andre. Ho har utdanna seg innan coaching og NLP (Nevro Lingvistisk Programmering), som ho aktivt brukar for å gje menneske verktøy til å endre tankemønster og byggje ny styrke. Denne kombinasjonen av eigen erfaring, fagleg kompetanse og smittande energi gjer at Maiken kan skapa eit trygt rom for utvikling.
Mentale musklar treng trening på same måte som fysiske musklar. Mange trur at mental trening berre er for toppidrettsutøvarar eller leiarar, men sanninga er at det passar for alle – uansett alder, livssituasjon eller mål.
I ei tid prega av press, høge forventningar og krav om å prestere, kan me alle kjenne på ubalanse. Livet gir oss utfordringar, og det er heilt naturleg å oppleve tunge periodar. Med ein mentaltrenar får du verktøya til å møte desse situasjonane med styrke og tryggleik.
Som mentaltrenar hjelper Maiken deg mellom anna med å finne balanse mellom jobb, fritid og eigne behov. Ho hjelper deg å utvikle effektive strategiar for stressmeistring, skape vanar som gir varig endring og motivasjon, og å byggje sjølvtillit og meistringskjensle. Ho tilbyr både ein-til-ein rettleiing, gruppetimar og foredrag.
Maiken er veldig opptatt av folkehelse, og mental trening er ein viktig del av dette – sjølve grunnmuren som ho seier. Skap-flyt driv òg sauna-tilbodet i Svandalen i forlenginga av dette, og Maiken anbefaler saunabruk til alle. «Det er så lett å bruke, tilgjengeleg for alle og inkluderande,» rosar ho.
I arbeidet sitt brukar Maiken NLP (Nevro Lingvistisk Programmering) – ein metode som kan skildrast som ei verktøykasse for hjernen. Det handlar om korleis vi tenkjer, snakkar og handlar, og korleis dette påverkar livet vårt.
Gjennom NLP hjelper Maiken deg med å oppdage kva som eigentleg driv tankane og handlingane dine –og korleis du kan justere dei for å oppnå det du ynskjer.
Som målbedrift iNæringshagen i Ryfylke har Maiken fått eit verdifullt nettverk og støtteapparat på gründerreisa si.
– «Det er heilt supert å få vere målbedrift i Næringshagen! Her får eg rettleiing og støtte, og nokon som trur på meg og konseptet mitt!»
-«I tillegg er de tfantastisk at me har eit slikt tilbod i distriktet. Ein kan ofte kjenne seg åleine i gründerfasen, og at ting gjerne er meir tilgjengeleg i byane. Med tilbodet frå Næringshagen får me moglegheit til å vere innovative, skape og gjere draumar til verkelegheit, òg i distrikta.»
– «Eg har ei urokkande tru på mennesket si kapasitet. Alle har ein indre styrke som berre ventar på å bli oppdaga. Jobben min er å hjelpe deg å finne den – og bruke den til å skape eit liv med meir meistring, glede og energi.»
Maiken er oppteken av at mental trening ikkje berre skal gje raske resultat, men varige endringar som gir deg meir ro, tryggleik og livsglede.
Kontinuerleg læring og forbetring står høgt hos denne dama. I haust startar ho studiar i folkehelse og livsmeistring, samstundes som ho planlegg nye, inspirerande prosjekt. Mellom anna inviterer ho til eit spanande interaktivt foredrag saman med Nina Vikeså frå Urteloftet, med fokus på mental beredskap.
Kurset gir deltakarane konkrete verktøy til å stå betre rusta – både i møte med seg sjølv og kvardagen. Foredraget finn stad 19. september på flotte Hebnes vingard, og det er framleis nokre ledige plassar. Du kan lese meir omforedraget her: https://www.hebnesvingard.no/produkter/mental-beredskap