Før var det enkelt: Lag ein god nettside, skriv innhaldet smart, og håp at folk fann deg på Google. No er det ikkje heilt slik lenger. Google har byrja å vise AI-genererte svar rett i søkeresultata. Det betyr at folk får svaret dei treng – utan å klikke på noko som helst.
Du kan ligge øvst i søket, ha brukt timar på godt innhald, men likevel blir det berre brukt som “råstoff” i Google sitt eige AI-svar. Brukaren ser deg – men klikkar ikkje. Du blir med andre ord funnen – men ikkje valt. Det endrar spelet No handlar det ikkje berre om å bli synleg. Du må vere den kjelda som AI vel å hente frå. Og det skjer ikkje tilfeldig. Du må:
Og kanskje viktigast: Du må skrive for folk, ikkje berre for algoritmar.
Et par tips til måten vi tenkjer SEO på:
Vi går inn i ei tid der det ikkje lenger er nok å dukke opp i søket. Du må bli sett på som den beste kjelda – den som fortener å bli valt. Så neste gong du lagar innhald, spør deg sjølv: “Ville eg valt meg sjølv?”