Dagfinn Nærheim

Dagfinn har vore næringshagen sin styretrainee

Dagfinn Nærheim har vore styretrainee i Næringshagen i Ryfylke, og deler erfaringane sine frå innsida av styrearbeidet.

Initiativet til å ta inn ein styretrainee kom frå styret i Næringshagen i Ryfylke, som såg verdien av å sleppe til unge krefter i styret. Målet var å få inn nye perspektiv og relevant kompetanse, samstundes som ein ung ryfylking fekk høve til verdifull erfaring frå styrearbeid i praksis. Bak initiativet låg også eit ønskje om å halde kontakt med utflytta ungdom – unge som har teke utdanning, bygd kompetanse, og som både kan bidra og kjenne seg knytt til næringslivet heime.

 

– Me ønskte ein trainee som hadde eit forhold til regionen frå før – gjerne utflytta ryfylkingar som ville knyte band tilbake til heimeområdet. Styrearbeid handlar mykje om strategi, utvikling og verdiforståing, og då er det ein styrke å knyte til seg personar som kjenner regionen og folket, seier styreleiar Odd Aksland.

 

Dagfinn Nærheim, styretrainee og Odd H. Aksland, styreleiar.

Frå teknologi og oppstart til styreerfaring

Den første styretraineen i næringshagen, Dagfinn Nærheim, har no fullført sin periode som styretrainee. Han har bakgrunn som ingeniør, og har dei siste åra jobba med ulike applikasjonar av datateknologi innan energibransjen. I dag driv han som gründer i Chargitect, som utviklar system for lading av elektrisk tungtransport.

 

– Då eg fekk spørsmålet om å vere styretrainee i Næringshagen i Ryfylke, var svaret enkelt. Eg hadde tidlegare vurdert liknande ordningar i Bergen, der eg bur, og såg dette som ei unik moglegheit til å lære meir om styrearbeid i praksis. I tillegg var det ekstra verdifullt for meg å kunne knytte meg tettare til det som skjer heime i Suldal, og det var difor ingenting å lure å, fortel han.

 

Læring i praksis

Gjennom ordninga har traineen fått innsikt i korleis eit styre fungerer som ein forlenga arm av leiinga, og kor mange ulike måtar ein kan organisere og nytte dette på.

- Eg har fått sjå korleis styret sine strategiske diskusjonar, oppfølging og forankring kan og skal vere styrande for utviklinga av ein organisasjon. Rolla som styretrainee har gitt meg innsikt i korleis ein kan tenkje meir langsiktig og heilskapleg rundt utvikling av verksemder. Fagleg har eg fått ei djupare forståing av korleis styrearbeid påverkar den daglege drifta. Før eg starta som trainee hadde eg eigentleg lite forhold til kva styrearbeid faktisk innebar. Det viktigaste eg har lært, er korleis eit styre kan og bør fungere som ein aktiv ressurs forselskapet og den administrative leiinga. Eg har fått sjå korleis gode prosessar i styret kan bidra til utvikling og framdrift i ein organisasjon, seier han.

 

Han meiner òg at tida som styretrainee har gitt mykje meir enn fagleg innsikt:
– Personleg har eg blitt tryggare på å bidra i diskusjonar og stille dei rette spørsmåla. Det er ei erfaring eg ikkje kunne fått på anna vis.

 

Gjensidig gevinst

Traineen meiner ordninga har stor verdi både for den enkelte, for styret og for selskapet:

 

– For meg har det vore ei unik læring. For styret og for selskapet trur eg det har vore nyttig å ha med ein yngre og mindre erfaren deltakar i styret som kan utfordre med nye perspektiv. Og for næringshagen gir ordninga moglegheita til å utvikle framtidige styrekandidatar, noko som på sikt styrkar heile regionen.

 

Ein inspirasjon for fleire

Dagfinn Nærheim håpar fleire bedrifter i Ryfylke vil vurdere å opne opp for liknande ordningar:

 

– Eg meiner fleire bedrifter bør vurdere styretrainee. Det finst mange unge i regionen med mykje å bidra med, men som kanskje manglar den erfaringa som skal til for å bli vurdert som styrekandidatar. Til andre unge som vurderer å bli styretrainee vil eg seie: Kjør på! Det er ein sjeldan sjanse til å lære av erfarne folk, byggje nettverk og sjølv bidra til noko større.

 

Ei ordning for framtida

For Næringshagen i Ryfylke er erfaringane med styretrainee udelt positive. Dagleg leiar i Næringshagen i Ryfylke, Laila Steine, meinar at selskapet har fått mykje igjen for å sleppe til unge krefter med ny kompetanse i styrearbeidet.

 

- Det at det ormelt valde styret i næringshagen var tydelege på at dei gjerne ville ha ein styretrainee rundt styrebordet, har gitt påfyll av både kompetanse, energi og inspirasjon. De har utfordra både styret og administrasjonen, og gitt nye perspektiv.

 

Næringshagen deler gjerne erfaringane vidare til andre verksemder som vurderer å etablera ei liknande ordning. Det er eit effektivt grep for å byggje kompetanse i selskapet og i regionen, og for å gi unge ryfylkingar ein grunn til å halde kontakten med næringslivet heime.

 

Kontakt

No items found.

Kurs og arrangement

No items found.

Teneste

No items found.
Design og utvikling: Omega 365 Design
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.