Kristian N. Harnes (CEO), Erik Aldner (COO), Lene N. Harnes, medgründer

Minus Solutions vald ut til nasjonalt akseleratorprogram – Ferd inn på eigarsida

Me er stolte av å kunne dele at ein av våre målbedrifter, Minus Solutions, er blant dei ti utvalde selskapa som får investering og plass i Impact StartUp sitt nye akseleratorprogram.

Gjennom programmet får bedrifta éin million kroner i investering, tett fagleg oppfølging og tilgang til eit sterkt nettverk av investorar og mentorar.Samstundes kjem Ferd inn på eigarsida – ein viktig milepæl forselskapet.

MinusSolutions har over lengre tid vore ein pionér innan møbelbransjen. Dei siste åra har selskapet vekt internasjonal merksemd, og har blitt invitert til å halde foredrag under New York Design Week, London Design Festival, samt som gjesteforelesar ved universitet i Oregon, London og Wien. Dette understrekar den faglege tyngda og den innovative tilnærminga Minus har til framtidas møbelløysingar.

Gjennom pilarane ny designmetodikk, sirkulær digital infrastruktur og ein leigemodell for møblar og interiør – der Minus sjølv behaldar eigarskapet til både produkt og materiale – er målet å mangedoble levetida til materiala og dermed redusere presset på naturressursane.

Ein ny standard for møblar

MinusSolutions utviklar ein asset-light furniture-as-a-service-modell som utkonkurrerer tradisjonelle, lineære løysingar – både på pris og klimaavtrykk. Dei meiner nøkkelen til å lukkast med sirkulære modellar ligg i koplinga mellomressurseffektivitet og låg pris, og at nettopp denne koplinga er avgjerande for å oppnå store klimagevinstar.

Løysinga byggjer på fire pilarar:

  1. AI-støtta sirkulær infrastruktur
  2. Designmetodikk for sikulæe produkt
  3. Nye forretnings- og finansieringsmodellar
  4. Verdikjeder optimaliserte for lågt klimagassutslepp

For bedriftskunder betyr dette lågare inngangskostnader, høgare fleksibilitet og vesentleg lågare klimaavtrykk - utan å gå på promiss med kvalitet eller design.

Mot ein ny normal

Over 170 selskap søkte om plass i Impact StartUp-programmet, som rettar seg mot gründerar i tidlegfase. Dagleg leiar i Impact StartUp, Marte Sootholtet, omtalar satsinga som eit initiativ for å utfordre den tradisjonelle venturemodellen;

Vi ser mange sterke selskap som kombinerer forretningsdrift med løysingar på viktige samfunnsutfordringar. Dei fortener kapital, struktur og fagleg støtte for å vekse på eigne premissar.

For Minus Solutions handlar deltakinga om meir enn kapital.

-Det er superkjekt og utruleg stort å bli valt du blant så mange dyktige oppstartsselskap! Dette gjev oss moglegheita til å skalere ein modell som faktisk gjer ein skilnad - både for miljøet og for kundane våre. Impact StartUp ser verdien i løysingar som balanserer vekst og sosialt ansvar, og det gjer vi og, seier COO Erik Aldner.

Minus Solutions er stolte over å vere ein del av Impact StartUp si satsing – og gler seg til å halde fram arbeidet med å gjere sirkulære møblar til den nye normalen.

-         I tillegg er me også nominert til Nordic Proptech Awards 2026 under kategorien Sustainable and healthy buildings, fortel ein smørblid Aldner på tampen.

Næringshagen i Ryfylke gratulerer, og gler seg til å følgja den spanande reisa til MinusSolutions vidare!

Kontakt

No items found.

Kurs og arrangement

No items found.

Teneste

No items found.
Design og utvikling: Omega 365 Design
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.