
Gjennom kursa får deltakarane innsikt i det som gjer stadene våre unike: naturen, kulturarven, menneska og historia. Kursa legg vekt på å formidle korleis vertskap kan bidra til ansvarleg ferdsel, betre informasjon til besøkande og auka forståing for korleis reiselivet kan utviklast i samspel med lokalsamfunnet.
Eit digitalt kurs som gir deltakarane kunnskap om natur, kultur og næringsliv i Suldal, med eigne modular om villaksen, krafthistoria og arbeidet med Berekraftig Reisemål. Kurset er utvikla i samarbeid med Suldal kommune og Suldal Næringsforening, og er retta mot alle som møter gjester – frå butikktilsette og serveringsstader til overnattingsbedrifter og frivillige.
Eit vertskapskurs for heile Ryfylke, utvikla i samarbeid med Reisemål Ryfylke og dei lokale reisemåla. Her får deltakarane ei innføring i attraksjonar, aktivitetar og kulturtilbod i regionen, og lærer kva det betyr å vere ein “Ryfylkevert” – ein som formidlar verdiane og særpreget til heile regionen.
Eit kurs utvikla saman med Destinasjon Hovden og Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane (SVR), med støtte frå Rogaland og Agder fylkeskommunar. Deltakarane får kjennskap til villrein, verneområde, kulturminne og naturvett, og lærer korleis ein kan formidle og forvalte fjellområda på ein ansvarleg måte. Kurset blir tilbydd til alle dei 17 Heiplan-kommunane.
Eit samarbeid mellom over 20 reisemål som er merka under den nasjonale ordninga Berekraftig Reisemål, samla i nettverket NDBR (Nettverk for Destinasjonsleiing og Berekraftig Reisemålsutvikling). Gjennom dette samarbeidet er det utvikla kurs som er felles for alle reisemåla, med tema som tilgjengeleg reiseliv, det gode vertskap, og korleis ein kan formidle norsk natur og kultur på ein ansvarleg og inkluderande måte.
Alle kursa er utvikla gjennom den digitale læringsplattformen Motimate, som gjer det enkelt å ta kursa via PC eller telefon – når det passar i ein travel kvardag.
Gjennom vertskapskursa ønskjer ein å bidra til at fleire blir stolte formidlarar av eigen stad. Slik legg me saman grunnlaget for betre opplevingar, meir berekraftig reiseliv og eit vertskap som gjer at gjestene våre vil kome tilbake – og bli verande litt lenger.
Er du interessert i å få tilgong på eitt eller fleire av kursa, eller kanskje du ønskjer at me kjem til deg for å halde eit fysisk kurs? Ta gjerne kontakt med oss!