
Bakgrunnen for initiativet er den raske utviklinga innan kunstig intelligens, der stadig fleire gjester bestiller, søkjer og får anbefalingar direkte gjennom globale plattformer. Dette fører til at eigarskap til kundedata, synlegheit og verdiskaping gradvis glir vekk frå lokale aktørar. Norwegian Travel Hub skal bidra til å snu denne utviklinga ved å gje reisemåla kunnskap, verktøy og struktur for å ta kontrollen tilbake – og bruke teknologien som ein reiskap for verdiskaping, betre gjesteopplevingar og berekraftig besøksforvaltning.
Gjennom prosjektet blir det utvikla ein modell for korleis reisemål og bedrifter kan eige sine eigne data, bygge felles digitale strukturar og utnytte kunstig intelligens på ein måte som fremjar lokal verdiskaping, besøksstyring og klimaomsyn. Arbeidet skjer i tett samarbeid med EDIH Oceanopolis, eit EU-støtta digitaliseringssenter med ekspertise innan kunstig intelligens og datadeling, som bidreg med teknisk rettleiing, fagdager og konseptutvikling.
Prosjektet blir gjennomført i tre fasar frå hausten 2025 til våren 2026: først kartlegging og kompetansebygging, deretter utprøving og testing av KI-konsept, og til slutt skalering og vidareføring gjennom etablering av varige strukturar for samarbeid og drift.

