I godt over 30 år har Haustmarknaden på Møgedal, eller Møgedalsmarknaden, vore ein naturleg møtestad første helga i oktober for Suldal. Marknaden har stolte og lange tradisjonar, der ein har underhaldning, boder, loddsal og kåring av årets verlam. I 2024 besøkte heile 1619 personar marknaden.
Næringshagen i Suldal har vore ein støttespelar for marknaden gjennom fleire år, og i 2023 og 2024 var ein leigd inn som prosjektkoordinator. Her bidrog ein mellom anna med:
Organisering og koordinering på tvers av partnarar, deltakarar og publikum
Marknadsføring og profilering
Vidareutvikling av konsept for å styrkje det kommersielle grunnlaget og berekraftsperspektivet i arrangementet.
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.