Digifab er eit samarbeidsprosjekt mellom to næringshagar; Næringshagen i Ryfylke og Rogaland Ressurssenter. Målgruppa for prosjektet er SMB produksjonsbedrifter på Haugalandet og Ryfylke. Målet med prosjektet er å bidra til auka kunnskap og forståing for digital omstilling hos deltakarbedriftene, og i tillegg hjelpa dei med å vurdera og implementera konkrete tiltak for digital omstilling i bedriftene deira.
I løpet av prosjektet vil deltakarbedriftene få høve til å delta på studieturar til ekspertmiljø, besøk hos bedrifter som har gjennomført digital omstilling, vidareutvikling av vegkart for digitalisering saman med forretningsutviklarar og nettverksmøte. Det vil også vera moglegheit for at ekspertise frå Norsk Katapult innan digitalisering og robotisering kjem til regionen for å kartleggja moglegheiter i produksjonen hos bedriftene.
Gjennom deltaking i Digifab kan bedriftene få auka konkurransekraft og vekst gjennom digital omstilling, og dessutan styrkja regionen som ein attraktiv og kunnskapsrik arena for digital omstilling og produksjon.
Ta kontakt med oss for meir informasjon.
Bedrifter som er med:
No items found.
Søknad til bedriftene
NB! Dette er eit test-skjema for prosjektet «9. trinn: Læring i Næring». Ta kontakt med oss på marit@nhryfylke.no for meir informasjon.
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.