
I 2020 blei Suldal merka som Berekraftig Reisemål gjennom Innovasjon Noreg si nasjonale ordning. Denne statusen har fungert som eit felles styringsverktøy for utviklinga av reisemålet, og har vore avgjerande for å sikre at vekst i reiselivet skjer på ein måte som er økonomisk, sosialt og miljømessig berekraftig. Merket har òg styrkt samarbeidet mellom partane, og skapt eit system for kontinuerleg forbetring, rapportering og læring.
Etter at Suldal blei Merka har reisemålsutviklinga vore forankra inn mot destinasjonsleiinga i Suldal, der ein samordnar innsatsen mellom offentlege og private aktørar, slik at planlegging, drift, marknadsføring og utvikling heng saman. Dette omfattar alt frå strategisk leiing og kommunikasjon til besøksforvaltning, vertskap og innovasjon i reiselivsnæringa. Det er eit felles løft for å sikre at Suldal framstår som eit reisemål med kvalitet, ansvar og langsiktig retning.
Utviklingsarbeidet er forankra i reiselivsstrategien “Drivkraft 2030” og den årlege Handlingsplanen for destinasjonsleiinga, der dei ulike partnarane har ansvar for kvar sine oppgåver. Samarbeidet omfattar arbeid med strategi og organisering, merkevarebygging og kommunikasjon gjennom Visit Suldal-profilen, drift av turistinformasjon og Suldal Laksestudio, nettverksarenaer og kompetansetiltak for reiselivet, samt ei rekkje utviklingsprosjekt som Matskattar frå Suldal, HydroVerset, Historiske vegar, Fjordcruise Suldal, med meir.
Målet er å vidareutvikle Suldal som eit reisemål der natur, kultur og lokalt næringsliv verkar saman – og der reiselivet bidreg til verdiskaping og livskraft i heile kommunen.