I kurset får deltakarane spele seg fram til økonomiforståing gjennom Økonomi Illustrator. Deltakarane vert sette i grupper og arbeider saman om ein gitt case. Gruppa fungerer som eit styre for verksemda, som dei følgjer over ein periode på fire år. Saman må dei ta tøffe strategival og avgjerder om økonomien og framtida til verksemda – skal dei investere i nytt produksjonsutstyr, betale ned lån og liknande? I tillegg lærer deltakarane korleis setje opp eit resultatrekneskap og balanse, og korleis rekne ut nøkkeltal. Kurset er svært nyttig, og ein ser at deltakarane tek med seg kunnskapen over i eiga gründerverksemd.
Det vert lagt opp til minglepausar.
For påmelding send epost til: post@nhryfylke.no
Avmelding kan gjerast, men må vere skriftleg og sendast på e-post seinast 48 timar før kursstart. Påmelde som ikkje møter, eller sender avmelding seinare enn 48 timar før kursstart, vert fakturerte full eigenandel for kurset.
Det vert teke atterhald om tilstrekkeleg tal påmelde.