Næringshagen i Ryfylke
Næringshagen i Ryfylke

Kurs i budsjettering og likviditetsstyring med SKAPE

Dato:
06
.
05
.
2026
Klokka:
10:00
Stad:

Heildagskurs – Budsjettering og likviditetsstyring med SKAPE


Dette kurset gir ei innføring i budsjettering og likviditetsstyring, samt dei ulike vurderingane eit selskap må gjere for å nå måla sine.

Deltakarane vil læra om:

Budsjettering: Utvikling av realistiske og målretta budsjett som støttar dei strategiske planane til selskapet.
Kostnadskalkylar: Korleis berekne og analysere kostnader for å sikre effektiv ressursbruk.
Prissetjing: Strategiar for å setje prisar som balanserer lønsemd og konkurranseevne.
Likviditetsstyring: Metodar for å sikre at selskapet har tilstrekkeleg likviditet til å møte forpliktingane sine og investere i vekst.

Kurset er utforma for å gi praktiske verktøy og innsikt som kan nyttast direkte i arbeidshardagen til deltakarane. Gjennom interaktive øvingar og døme vil deltakarane få høve til å bruke teorien i praksis.

Praktisk info:

📅 6. mai 2026 | 🕓 10:00 - 15:30


🗺️ Næringshagen i Ryfylke AS, Sandsvegen 134, 4230 Sand


⌛️ Påmeldingsfrist | 30. april 2026


💰 300,- (felles lunsj inkludert)


📢 Arrangør | SKAPE


💬 Kurshaldar | Flyt Regnskap

Målgruppe:
Dette kurset passar for økonomiansvarlege, leiarar og andre som har ansvar for økonomisk planlegging og styring i verksemda.

Vi ser fram til å ønskje deg velkomen til eit lærerikt og inspirerande kurs!

Kursvilkår:
Tilboda våre er finansierte av det offentlege, og er derfor gratis for deg. Dersom du ikkje møter opp etter påmelding utan å melde frå til post@skape.no minst 24 timar før kurset, ser vi oss nøydd til å fakturere deg kr 300,-.

Ta kontakt for meir info og påmelding
Ta kontakt for meir info og påmelding

Teneste

No items found.

Aktuelt

No items found.

Prosjekt

No items found.

Andre kurs og arrangement

Design og utvikling: Omega 365 Design
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.