.png)
Kl 09.00-10.00
Kunstig intelligens (KI) har flytta inn på arbeidsplassen, anten vi har invitert han eller ikkje. Verktøy som ChatGPT og Microsoft Copilot opnar nye moglegheiter i kvardagen, men dei må brukast forsvarleg. I verste fall kan persondata eller bedriftsløyndomar hamne offentleg og vere tilgjengelege.
I dette webinaret set vi søkjelys på trygg og ansvarleg bruk av KI i verksemda, og gir deg praktisk innsikt i kva du bør vere merksam på når KI blir teken i bruk – både som leiar og som tilsett.
Gøran Dalum er seniorkonsulent i Kantega og vil snakke om kva små og mellomstore bedrifter kan gjere for trygg bruk av KI blant dei tilsette. Gøran vil gi ei innføring i korleis dei vanlegaste KI-verktøya fungerer, og gå gjennom dei vanlegaste fallgruvene ved bruk av KI og korleis ein kan unngå dei.
Webinaret vil vere særleg nyttig for bedrifter som lurer på kva retningslinjer dei bør utarbeide for dei tilsette, men òg for tilsette som sjølve lurer på korleis dei kan ferdast rett i den nye digitale kvardagen.

Har du spørsmål?
Ta kontakt med oss på e-post post@nhryfylke.no eller på telefon 97775757

.png)
.png)