
Næringshagen i Ryfylke tilbyr eindagskurs i HMS for leiarar saman med Sparringspartneren AS. Arbeidsmiljølova § 3-5 krev at leiarar har opplæring i HMS-arbeid, og kurset gir deg denne opplæringa og praktiske verktøy du kan ta i bruk i eiga verksemd allereie dagen etter.
Leiarar og arbeidsgivarar som har ansvar for HMS i verksemda, uansett bransje.
Du får kursbevis som dokumenterer HMS-opplæringa etter arbeidsmiljølova § 3-5.
Torsdag 26. november 2026, kl. 09:00-16:00, Næringsparken, Garaneset, Sand.
4 900 kr per deltakar, inkludert lunsj, arbeidsbok og kursbevis.
Er verksemda di målbedrift hos oss, kan du få inntil 50 % av kursavgifta dekt gjennom innovasjonsstøtta frå næringshagen. Ta kontakt med oss før du melder deg på, så hjelper me deg vidare.
Påmelding direkte til Sparringspartneren: Meld deg på her. Maks 12 deltakarar. Kurset blir halde av Sparringspartneren AS.
Har du spørsmål om innhaldet, kan du kontakte Alf Aadnøy på alf@nhryfylke.no eller 905 66 358.








