Foto: Ingrid Benning Førre

Verdecò skaper rom med særpreg

Me er stolte over å ønskja Verdecò velkomen som målbedrift hos Næringshagen i Ryfylke. Verdecò er eit interiørdesignstudio som arbeidar i skjeringspunktet mellom arkitektur, materialar og funksjon.

Interiørdesing med røter i Hjelmeland

Bak interiørdesignstudioet står NatalieJansen frå Hjelmeland – ein engasjert og kvalitetsbevisst interiørdesignar medbakgrunn innan farge, materialforståing og interiørutvikling. Natalie har eitsterkt ønskje om å bidra til eit breiare tenestetilbod i Ryfylke, og skapagjennomtenkte heimar og rom med varig verdi.

Med eit heilskapleg blikk på rom utviklarNatalie løysingar der planløysing, fargar, materialar og detaljar spelar samanfor å skapa harmoniske og funksjonelle omgjevnader. Målet er ikkje berre at einheim skal vera vakker – men at den skal kjennast riktig å leva i, over tid.

– Eg er oppteken av å levera kvalitet ialle ledd, og å skapa heimar med ei eksklusiv, lun og gjennomført kjensle somkundane verkeleg trivst i, fortel Natalie.

Frå rådgjeving til heilskaplege interiørkonsept

Verdecò tilbyr interiørtenester til bådeprivate kundar og kommersielle aktørar. Oppdraga varierer frå mindreoppgraderingar og rådgjeving rundt farge- og materialval, til heilskaplegeinteriørkonsept.

For verksemder kan Verdecò utviklainteriørkonsept som styrkjer identiteten til verksemda og skaper ei tydelegatmosfære. Fargar, materialar og møblering vert sett i samanheng, slik atlokala får eit gjennomført uttrykk som passar verksemda.

Skreddarsydde løysingar for kunden

Natalie legg stor vekt på å forstå behovatil kunden før dei kreative vala vert tekne. Ho tek gjerne turen heim tilkunden for å hjelpa med heilskapen i prosjektet, ta mål, sjå moglegheiter irommet og finne løysingar som er tilpassa både bustaden og menneska som skalleva der.

Ho er heller ikkje redd for å leggja neddet ekstra arbeidet som krevst for å oppnå det beste resultatet.

– Eg gir meg ikkje før heilskapen er der.Det handlar om å gjera ting skikkeleg, seier Natalie.

Eit auge for detaljar og kvalitet

Sjølv om Verdecò er eit nytt studio, harNatalie allereie erfaring frå oppdrag for både privatkundar og verksemder, oghar opparbeidd seg gode referansar som særleg trekkjer fram eit auge fordetaljar, materialforståing og evna til å skapa rom med særpreg.

Ein kan også gjerne seie at entreprenørskapligg naturleg for ho. Natalie er oppvaksen på Hjelmeland og har vakse tett påfamiliebedrifta Ullestad & Jansen Transport. Gjennom oppveksten har ho fåtteit nært innblikk i kva det inneber å driva for seg sjølv – med alt det krev avhardt arbeid, planlegging og dedikasjon.

Trygg sparring i oppstartsfasen

Som målbedrift i Næringshagen i Ryfylkeset Natalie stor pris på støtta ho har fått.

– Eg har fått mykje hjelp i oppstartsfasenmin, og ikkje minst gode sparringspartnarar hjå Næringshagen i Ryfylke. Det erveldig trygt å kunne ha nokon å sparre med på både forretningsutvikling og andreproblemstillingar når ein startar opp for seg sjølv aleine. Det er ekstra kjektå kjenna at dei verkeleg heiar på meg og det eg ønskjer å byggja opp, seier ho.

Me gler oss til å følgja reisa vidare ogønskjer Verdecò hjarteleg velkomen til nettverket vårt.

Besøk gjerne heimesida til Verdecò her: https://www.verdeco.no/

Kurs og arrangement

No items found.

Teneste

No items found.
Design og utvikling: Omega 365 Design
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.