Førelesning
Foto: Privat

Fullteikna grunderakademi for flyktningar

Tolv ukrainske flyktningar deltok i årets grunderprogram, eit samarbeid mellom Næringshagen i Ryfylke, Rogaland Fylkeskommune og introtenesta i Suldal.

Tolv flyktningar deltok på årets grunderakademi

Denne våren starta Næringshagen i Ryfylke opp eit eige grunderakademi for nye flyktningar i kommunen gjennom eit samarbeid med introtenesta i Suldal kommune. Programmet blei utvikla og leia av forretningsutviklar i Næringshagen i Ryfylke, Alf Aadnøy, og vår nye prosjektkoordinator Anton Horobets, som sjølver frå Ukraina og er ein del av introtenesta.

- Me var innom hjå introduksjonstenesta for å gi informasjon om næringshagen og kva moglegheiter ein har for å starte opp noko for seg sjølv i Noreg og Suldal. Me såg det var eit behov for større innsikt og sette difor saman dette grunderakademiet for å auka kompetansen knytt til norsk næringsliv hjå våre nye Suldøler, seier Aadnøy.

Programmet var ope for alle som var ein del av introtenesta i Suldal, og blei fullteikna med totalt tolv personar frå Ukraina.

- Det er store ulikskapar mellom det å starta opp ei verksemd i Ukraina og i Noreg. I Noreg er det mange fleire reglar, lovar og normer å forholda seg til, medan det i Ukraina er mykje enklare. Å kunne få kunnskap og informasjon om korleis systemet fungerer her i Noreg såpass tidleg er difor viktig for at ein skal tore å satse, og for å minimere risiko. Det er også viktig å forstå forskjellar i kundane sine ønskje her i forhold til heime og å læra seg måtar å få denne kunnskapen på slik at ein ikkje satsar der det ikkje er moglegheiter, forklarer Horobets.

Eit samarbeid mellom introsenteret og næringshagen iSuldal

Grunderakademiet var fordelt på totalt 7 samlingar, der ein fekk ei grundig innføring i alle område knytt til det å starte opp ei bedrift. Her var dei mellom anna innom område som marknadsanalyse, forretningsplanar, rekneskap og budsjett. Gjennom eit samarbeid med introtenesta var grunderakademiet ein del av deira program, og difor ein del av. den obligatoriske skulegangen til dei som var påmeldte.

- I tillegg til å tileigne seg innsikt i det norske næringslivet, fungerte programmet også som ein effektiv katalysator for språkopplæring i norsk. Forretningsplanane og presentasjonane var på norsk, noko som gav deltakarane ei unik utfordring. Dette trigga eit sterkt engasjement for å meistre omsetjingar, slik at dei kunne svare innsiktsfullt på spørsmåla me stilte om planane deira, forklarer Aadnøy.

- Ved å utruste flyktningar med ferdigheiter for å starte bedrifter eller tilpasse seg norsk arbeidsliv, styrkjer vi både dei og Suldalsamfunnet. Med begrensa arbeidsplassar for mange nye flyktningar, siktar vi mot å oppmuntre til entreprenørskap. Dette kan auke verdiskaping og sysselsetjing i regionen, seier Aadnøy.

Grunnlaget for satsingar og vidare utvikling

Årets grunderakademi var ein pilot for mogleg vidare arbeid, og fekk støtte på 250,000 kroner av Rogaland fylkeskommune. 

- Deltakarane har hatt stor glede av kurset, og me ser no at seks av dei ønskjer å gå vidare med sine satsingar. Det vil ta litt tid då fokuset deira no er på programmet til introtenesta og norskopplæringa, men dei har store idear og ambisjonar der eg har stor tru på at fleire av dei vil bli realiserte, fortel Horobets.

- Det mest givande med dette arbeidet har vore den dynamiske prosessen der deltakarane sjølve oppdagar og forstår korleis dei kan tilpasse sine idear tilden norske marknaden. Gjennom marknadsundersøkingar har nokre deltakarar til og med klart å identifisere unødvendige kostnadar, og dermed forenkla forretningsmodellen sin. Dette har vist seg å vera ein effektiv måte å optimalisere budsjettet på, fortel Aadnøy.

Denne omgangen av gründerakademiet kulminerer med ein pitche-konkurranse denne hausten. Etter konkurransen vil kvar enkelt deltakar få personleg oppfølging frå Næringshagen i Suldal. Ein håper at dette skal vera grunnlaget for å kunne arrangere liknande kurs andre stader i regionen, og planlegg også for ein ny runde i Suldal.


Har du ein idé du vil setje ut i live? Me er her for å hjelpe, uansett når du treng det. I Suldal kan du ta kontakt med oss i Næringshagen i Ryfylke, der me tilbyr etablerarrettleiing på vegne av Suldal kommune. For dei som er i Sauda eller Hjelmeland, er det kommunen som er rette instansen å kontakte.

Kontakt

Alf Aadnøy
Alf Aadnøy
Forretningsutviklar / Prosjektleiar
alf@nhryfylke.no
905 66 358

Kurs og arrangement

No items found.

Teneste

Design og utvikling: Omega 365 Design
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.