DigitalVekst går over fire samlingar, og består av faglege foredrag, erfaringsdeling og workshops. Mellom samlingane får kvar deltakarbedrift individuell oppfølging frå programansvarleg. Inkludert i programmet er også ei kartlegging av kvar enkeltbedrift, som viser både den digitale kompetansen og kor modne bedriftene er digitalt.
Tema for samlingane i år er:
Målet med programmet er ikkje berre å gi deltakarane eit digitalt kunnskapsløft – men at dei ved gjennomført program skal ha utarbeidd ein digitaliseringsstrategi, eit vegkart for korleis dei kan møte framtida på ein meir robust og effektiv måte.
Gjennom deltaking får bedriftene:
Bedriftene som deltek gir tilbakemeldingar om at det er svært kjekt å få eit slikt lokalt tilbod. Dei opplever innhaldet som både relevant og tidsriktig – og som noko som faktiskhjelper dei å ta dei neste stega i digitaliseringsarbeidet.
Programmet er tilpassa dei mest aktuelle digitale utfordringane som verksemder står overfor i dag, og passar godt for både små og mellomstore bedrifter.
Programmet er utvikla i samarbeid med Veni, Leadify og Upheads, som bidreg med kompetanse og verktøy for å skape digital konkurransekraft.
DigitalVekst er eit tilbod ein finn hjå fleire næringshagar i Rogaland og på Sørlandet i år, og totalt deltek 14 bedrifter i årets program. Me inviterer her målbedrifter og andre som ser behov for å auka den digitale kompetansen sin.