Webinar: Verdsetting av oppstartsbedrifter

Dato:
10
.
09
.
2025
Klokka:
9:00
Stad:

Onsdag 10. september kl 9-13 blir det webinar om verdsetting av oppstartsbedrifter i samarbeid med Valide Haugsundregionen.

‍

Ketil Wiig er ansvarleg for det faglege innhaldet. Ketil har breid internasjonal erfaring, er føredragshaldar, mentor for oppstartsselskap, engleinvestor og held førelesingar på NMBU innan corporate strategi og M&A.

For dei av dykk som deltok i Emisjonskurset som blei halde i vår, er dette ei vidareføring med fokus på verdsetting. Om du ikkje skulle ha fått med deg kurset i vår, kan du likevel melde deg på og ha nytte av dette webinaret.

‍

Program:

Litt om konvensjonelle verdsettingar:

  • Betyding av å ha ei verdsetting
  • Korleis "tradisjonelle" verdsettingar blir gjort
  • Kva teknikkar som er "faktabaserte" og kva som er "tilpassingar"
  • Kva prinsipp frå tadisjonelle bedrifter som kan overførast til oppstartsbedrifter

Verdsetting av oppstartsselskap:

  • Du har ingen historikk - så kva gjer du?
  • Bottom-up: Korleis rekne verdien over tid basert på nøkkeltal?
  • Top down: Korleis rekne verdien no basert på ei framtid?
  • Konsistenssjekk mot typiske investorkrav til verdsetting.
  • Benchmarking: Kva kan me læra frå samanlikning med andre/nøkkeltal?

Case og erfaringar:

  • Typiske eksempel
  • Verdsetting er ikkje "eksakt". Korleis handtere intervall?
  • Korleis handtere motvind og innvendingar?
  • Q&A

‍

Kven bør delta?

Selskap som treng kapital for å vekse, investorar som vil forstå vekstselskap betre og alle som ønskjer djupare innsikt i verdsetting av startups.

‍

Pris:

For målbedrifter i næringshageprogrammet: Kr 1.350 per deltakar (75 % innovasjonsstøtte)

For andre: Kr 5.400 ,- per deltakar

‍

Ta kontakt med Laila Steine eller Alf Aadnøy på epost for meir informasjon og påmelding: laila@nhryfylke.no eller alf@nhryfylke.no

‍

Ta kontakt for meir info og påmelding
Ta kontakt for meir info og påmelding

Teneste

Aktuelt

No items found.

Prosjekt

No items found.

Andre kurs og arrangement

Design og utvikling: Omega 365 Design
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.