.png)
Tysdag 2. juni 2026, kl. 09:00–10:00
Eierskifte er ein av dei viktigaste prosessane ein bedrift går gjennom – men altfor mange startar for seint. Resultatet kan bli lågare verdi, høgare risiko og unødvendige konfliktar.
I dette webinaret får du ei praktisk og heilskapleg innføring i korleis eierskifte bør planleggast og gjennomførast – enten det gjeld sal av verksemd eller generasjonsskifte i familiebedrifter.
Ole Tellef Grundekjøn er advokat (MNA) og siviløkonom frå NHH, tilknytt Handelshøyskolen BI og advokatfirma Grundekjøn & Co. Han har over 20 års erfaring med eierskifte, inkludert sal, skatt og generasjonsskifte i bedrifter og familiebedrifter.
I dette webinaret vil Ole Tellef gi deg eit betre beslutningsgrunnlag og auka forståing for kva som skal til for eit vellukka eierskifte.
Meld deg på til post@nhryfylke.no og få tilsendt lenke til webinaret!
Du kan òg kome til oss på Garaneset og sjå webinaret saman med oss.










.png)
.png)
.png)
