speaklab
speaklab

Proff presentasjon

Dato:
26
.
08
.
2026
Klokka:
12:30

Proff presentasjon – Bli ein betre formidlar!

I samarbeid med Speaklab inviterer me til eit intensivt 3-timars kurs i munnleg formidling og møteleiing.

Undersøkingar viser at det mange fryktar mest, er å tala offentleg. Dette kurset er utvikla for å hjelpe deg å bli tryggare, meir bevisst og klar for å briljera – både på skjerm og scene.

Kva kan du forventa?

Siri Lill Mannes og Arne Møller har utvikla eit lynkurs som gir deg praktisk kunnskap du kan bruke umiddelbart. Du vil læra å:

  • Engasjera tilhøyrarane
  • Skapa autoritet med stemmebruk og kroppsspråk
  • Strukturera bodskapen din effektivt
  • Halda produktive og målretta møte
  • Mestra nervar og stress i pressa situasjonar

Kurshaldarane

Siri Lill Mannes er programleiar med 20 års erfaring frå TV, hovudsakleg som utanriksreporter og nyheitsanker i TV2. Ho har og leia over 200 konferansar på nasjonalt og internasjonalt nivå.

Arne Møller er fysioterapeut med spesialutdanning i stemmebruk. Han er tidlegare fotballproff og har Noregs høgaste trenarutdanning frå Olympiatoppen.

Saman har dei utvikla eit unikt og systematisk treningsopplegg for korleis du blir betre til å presentera og leia møte. Sjå gjerne www.speaklab.no for meir informasjon!

Speaklab har trent:

  • Toppleiarar som skal ut på store scener
  • Tilsette som snakkar i møte og forsamlingar
  • Forskarar som konkurrerer om forskingsmidlar
  • Programleiarar på radio og TV
  • Innvandrarungdom som treng å styrkja stemma si

Dette kurset er for deg som ønskjer å ta munnleg formidling til neste nivå. Ikkje gå glipp av denne moglegheita til å styrkja ferdigheitene dine!

Praktisk informasjon:
Onsdag 11. juni 2026, kl. 12:30–15:30
Stad: Næringshagen i Ryfylke, Sauda/Suldal

Pris: 1.500,- per person

Målbedrifter i Næringshagen i Ryfylke får 50 % rabatt.

Ta kontakt for info og påmelding: post@nhryfylke.no

Ta kontakt for meir info og påmelding
Ta kontakt for meir info og påmelding

Teneste

No items found.

Aktuelt

No items found.

Prosjekt

No items found.

Andre kurs og arrangement

Design og utvikling: Omega 365 Design
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.