.png)
Årets første Kompetanseforum med næringshagen. Denne gong med fokus på sjukefråvær og leiar sitt ansvar.
Tid: 24. februar kl 0900-1000
Sjukefråværet i Noreg er igjen på eit høgt nivå, og er eitt av dei mest aktuelle tema i norsk arbeidsliv. Tal frå NAV viser at sjukefråvær kostar norske arbeidsgjevarar over 75 milliardar kroner kvart år. Kva krav stiller dette til framtidas leiarar?

Trond Løkling er organisasjonspsykolog i PwC, og vil i dette webinaret vise korleis leiarar kan bruke kompetansen og kunnskapen sin til å bidra til at friske medarbeidarar held seg friske, og korleis dei på ein god måte kan støtte sjuke medarbeidarar tilbake i arbeid.
Samstundes vert det belyst kor viktig medarbeidarane sitt medansvar er for å skape eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø.
Med utgangspunkt i dagens situasjon utforskar me kva som faktisk påverkar sjukefråværet, og kva rolle leiarar og arbeidsplassar spelar i førebygging og oppfølging.
Skuldast tala sjenerøse sjukelønsordningar, eller handlar det i større grad om arbeidsplassen og leiarane si evne til å førebyggje, følgje opp og handtere sjukefråvær på ein god måte?
Du kan få med deg webinaret der du er, eller du er hjarteleg velkommen til å sjå det saman med oss i næringshagen.

.png)




