Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland
Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland

Reiselivssamling: Suldal som eit "bookbart" reisemål!

Dato:
17
.
01
.
2024
Klokka:
18:00

Den 17. januar inviterer Næringshagen i Ryfylke og Suldal Næringsforening v/Reiselivsgruppa inn til felles reiselivssamling på Træ Gården for alle reiselivsbedrifter i Suldal og for deltakarar i "Matskattar i Suldal" -samarbeidet.

Under samlinga vil ein få presentert den nye reiselivsstrategien som blei utvikla i 2023 og dei aktivitetane som ligg til denne. Andre del av samlinga har fokus på pakking, prising og "bookbarheit". Her vil me bruke tid på å sjå på korleis du kan pakke dine produkt, i tillegg til å gi ei praktisk og konkret innføring i korleis du kan nytte Bilberry til å synleggjera tilboda dine i Visit Suldal sine kanalar. Målet er at me i fellesskap etter samlinga vil kunne vise fram produkta i Suldal på nye og betre måtar.

Agenda

18:00: Velkommen til samling v/leiar i reiselivsgruppa Helge Naustvik
18:05: Presentasjon av ny reiselivsstrategi med felles diskusjon v/Næringshagen i Ryfylke
18:20: Nytt reiselivsprodukt! v/Børkjenes Gard
18:30: Lær deg å setja pris på dei kundane du får. Om smertelindring og produkt-prising til forskjellige kundegrupper. Korleis samarbeide kan gje auka sal og betre pris? v/ Hanne Sundbø, Ryfylke Glød
19:00: Pause
19:15: Bilberry: System for booking og synlegheit v/ Toyni Tobekk, Hebnes vingard
19:30: Workshop – kva "bookbare" produkt har di bedrift å synleggjera?
20:15: Felles kveldsmat og omsyning på Træ Gården
21:00 Vel heim

Påmelding

Arrangementet er ope for alle med interesse for tema. Du melder deg på ved å sende epost til suldal@visitsuldal.no. Påmeldingsfrist er måndag 15. januar kl 12:00.

Pris for medlem av reiselivsgruppa og deltakarar i Matskattar i Suldal: Gratis

Pris for andre: 200,- pp.

Ta kontakt for meir info og påmelding
Ta kontakt for meir info og påmelding

Teneste

Aktuelt

No items found.

Prosjekt

No items found.

Andre kurs og arrangement

Tidlegare kurs og arrangement

Design og utvikling: Omega 365 Design
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.